Fagarbeidar/assistent

Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst · SYVDE, NORGE · for 11 d. siden
6+ år nevntDriftvia arbeidsplassen.no
Søk
Syvde barnehage har to avdelingar og ligg fint til med nærleik til natur og gode turområde. Vi har god bemanning og pedagogtettleik, og eit personale som samarbeider tett om å skape ein trygg og god barnehagekvardag for barna. Vi har no ledig 100% fast stilling som fagarbeidar/assistent frå 1.10. Vi søkjer ein medarbeidar som ønskjer å bidra aktivt i det pedagogiske arbeidet og vere med på å skape eit trygt, inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø for barna. Arbeidsoppgåver • Pedagogisk og praktisk arbeid med barn i alderen 0–6 år • Delta aktivt i leik og leggje til rette for utvikling, læring og meistring • Bidra i planlegging, gjennomføring og vurdering av det pedagogiske arbeidet • Observere og følgje opp barna, mellom anna gjennom bruk av ASK • Samarbeide med foreldre, kollegaer og andre fagpersonar Kvalifikasjonar • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar • Anna relevant fagbrev • Relevant erfaring kan kompensere • Erfaring frå barnehage og arbeid ein-til-ein med barn er ønskjeleg • Erfaring med ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon) er ønskjeleg • Må kommunisere godt på norsk • Dersom søkjaren har anna morsmål enn norsk og svensk, må vedkomande ha bestått språkkrav:  A2 i skriftleg norsk  B1 i lesing og munnleg kommunikasjon. Personlege eigenskapar • Trygg, omsorgsfull og nærverande i møte med barn • Fagleg engasjert og aktiv i barnehagekvardagen • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Initiativrik, ansvarsbevisst og fleksibel • Open for refleksjon, læring og utvikling Tilsetjing skjer med atterhald om godkjend politiattest Vi tilbyr • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer • Høve til å bruke og vidareutvikle eigen kompetanse • Lønn og tilsetjing på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk • God pensjonsordning I barnehagane arbeider vi med å ta vare på og vidareutvikle gode leike- og læringsmiljø som sikrar barna god psykisk og fysisk helse gjennom gode relasjonar og meistring. Vi ønskjer tilsette med gode samarbeidsevner, god fagleg kompetanse og vilje til å bidra til ein barnehagesektor i utvikling. Viser til Vanylven kommune sin lønspolitiske plan. Kontaktinformasjon Eli Tefre Nordal, Ass. kommunedirektør, 41424805 Åsgunn Stewart, Styrar Syvde barnehage, +47 90801663 Arbeidsstad Kvia 36 6140 Syvde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vanylven kommune Referansenr.: 5178848681 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.09.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.