Operatørar Rigg & Service, med og utan fagbrev

Ulstein Verft AS · ULSTEINVIK, NORGE · for 1 md. siden
junior / graduateHåndverkvia arbeidsplassen.no
Søk
Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team? Vi ønskjer å styrke laget vårt med fleire operatørar og hjelpearbeidarar som vil vere med på å jobbe med avanserte skip og store prosjekt i eit miljø der samarbeid, fagleg stoltheit og kontinuerleg læring står sterkt. Kvar dag byr på nye utfordringar og moglegheiter til å utvikle deg saman med dyktige kollegaer som spelar kvarandre gode. Oppgåver du vil jobbe med Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere: • Stilasbygging • Køyring av kran • Intern transport • Inn- og utdokking av skip • Halde orden på anlegg og prosjekt under arbeid Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare • Fagbrev som Stilasbyggar er ønskjeleg • Truckførarbevis T4 • Godkjend stillasbyggjar over 9 meter • Kurs som maskinførar (M4) • G3- og G4-krankurs • Teleskoptruck C1 og C2 • Erfaring med høgtrykksvask • Gode kommunikasjoneevner på norsk og/eller engelsk Vi veit at motivasjon, engasjement og læringsvilje ofte er like viktig som erfaring. Har du ikkje alle kvalifikasjonane vi etterspør oppmodar vi deg likevel til å søkje. Kvifor velje Ulsten som arbeidsplass • Gode utviklingsmoglegheiter • Nødvendig opplæring og kompetanseheving • Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer • Ein trygg og trivsam arbeidsplass med sterk lagånd Kontaktinformasjon Andreas Hatløy, Supervisor - Scaffolding, +47 47671301, andreas.hatloy@ulstein.com Stig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, +47 91581013, stig_b.slettebakk@ulstein.com Arbeidsstad Osnesvegen 110 6065 Ulsteinvik Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS Referansenr.: 5170042138 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.