VK
Jordmor 100% fast stilling i Vågå kommune
Ledig frå 01.01.27
52 % interkommunal jordmorvakt og 48 % kommunal svangerskapsomsorg
Vil du vere med og utvikle eit godt og framtidsretta jordmortenestetilbod i regionen? Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig jordmor til ei spennande kombinert stilling med arbeid både innan kommunal svangerskapsomsorg og interkommunal jordmorvakt.
Om stillinga
Stillinga er delt mellom:
• 52 % interkommunal jordmorvakt , der du inngår i vaktordning for følgjeteneste og beredskap for gravide og fødande.
• 48 % kommunal svangerskapsomsorg , med oppfølging av gravide, førebyggjande arbeid og tverrfagleg samarbeid.
Stillinga er ein del av Helsestasjon og skulehelsetenesta med kontor i 2. etasje på Vågå helsesenter.
Du vil få ein variert arbeidskvardag med høve til å følgje kvinner og familiar gjennom svangerskap, fødsel og barseltid.
Arbeidsoppgåver
• Svangerskapsomsorg i tråd med nasjonale retningsliner
• Individuelle konsultasjonar og oppfølging av gravide og nyfødte
• Ammekyndig oppfølging og barselarbeid
• Foreldre- førebuande kurs
• Heimebesøk og oppfølging etter fødsel
• Dokumentasjon i fagsystem Infodoc
• Deltaking i tverrfagleg samarbeid med fastlegar, helsestasjon, spesialisthelseteneste og andre relevante samarbeidspartnarar
• Deltaking i interkommunal jordmorvakt og følgjeteneste
• Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som jordmor
• Erfaring frå svangerskaps- og barselomsorg er ynskjeleg, men nyutdanna oppfordrast også til å søkje
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Relevant klinisk erfaring er ønskjeleg
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
• Førarkort klasse B
• Erfaring frå svangerskapsomsorg og følgjeteneste er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
• Er fagleg trygg og sjølvstendig
• Har gode samarbeidsevner
• Er fleksibel og løysingsorientert
• Har god evne til kommunikasjon og relasjonsbygging
• Bidreg til eit arbeidsmiljø med arbeidsglede, engasjement og inkludering
Vi tilbyr
• Ei meiningsfull og utfordrande stilling
• Varierte arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag
• Dyktige og engasjerte kollegaer
• Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
• Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det blir stilt krav om politiattest før tiltreding.