Leiar for rekneskap

ORO - Økonomi, Vestland fylkeskommune · LEIKANGER, NORGE · for 11 d. siden
Økonomivia arbeidsplassen.no
Søk
Er du ein leiar som trivst med å vere tett på drifta – og som meistrar balansen mellom det strategiske og det operative? Då kan dette vere jobben for deg! I Vestland fylkeskommune arbeider vi målretta med å digitalisere verksemda og utnytte systema våre fullt ut. Vi nyttar Visma Enterprise Plus som ERP-system og Framsikt til budsjett- og rapportering. Rekneskapsfunksjonen har ei sentral rolle i dette arbeidet, og vi søkjer no ein operativ og handlekraftig leiar som vil vere til stades i den daglege drifta og sikre framdrift og kvalitet i teamet. Arbeidsoppgåver Kjerneoppgåver i eininga • Remittering • Fakturering og purring • Fakturamottak • Avstemming av bankkonti og balanse • Anleggsmodul • Rapportering til myndigheitene (mva, KOSTRA mm) • Brukaradministrasjon i ERP-system, administrator betalingsløysingar • Brukarstøtte og saksbehandling i supportsystem • Periode- og årsoppgjer Arbeidsoppgåver Du vil ha personalansvar for eit fagleg sterkt team på 7 medarbeidarar på Leikanger. Som operativ leiar er du ein aktiv deltakar i den daglege drifta. Du er tett på oppgåvene, set retning og sikrar at teamet leverer til rett tid og med rett kvalitet. • Dagleg drift og leiing av eininga, inkludert medarbeidaroppfølging og kompetanseutvikling • Ansvar for å utarbeide og kvalitetssikre rekneskapen, inkludert utvikling og dokumentasjon av rekneskapsrutinar • Tilby interne kurs og generell opplæring innan rekneskapsområdet • Svare på rekneskapsspørsmål frå organisasjonen • Kontaktperson mot fylkeskommunen sin revisor • Kontaktperson for bankavtale og inkassoleverandør Kvalifikasjonar • Høgare økonomisk utdanning, gjerne på bachelor-nivå eller tilsvarande. Relevant arbeidserfaring innan rekneskap kan kompensere for utdanningskravet. • Erfaring frå rekneskapsarbeid, gjerne frå ei stor og kompleks verksemd • Relevant leiarerfaring, gjerne frå ei operativ leiarrolle • God forståing for rekneskapssystem og integrasjon av ulike system • Erfaring med prosjekt- og prosessrelatert arbeid er ein klar fordel • Erfaring frå offentleg sektor er ønskjeleg Personlege eigenskapar Du er en leiar som • Er operativ og til stades – du er ikkje redd for å ta tak i oppgåvene der det trengst • Har gode samarbeidsevner og skapar eit godt arbeidsklima • Har gjennomføringsevne og evnar å prioritere riktig • Er analytisk og strukturert i arbeidsforma • Evnar å skape tillit og aksept i organisasjonen • Har personleg integritet • Kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg • Identifiserer deg med verdiane våre: kompetent, open og modig • Personlege eigenskapar vil bli vektlagd Vi tilbyr Hos oss får du: • Gode moglegheiter for fagleg utvikling • Løn etter avtale/ • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar Kvifor velje oss? • Fagleg sterkt miljø – bli ein del av eit kompetent rekneskapsteam med høg fagleg integritet • Digital kvardag – vi har implementert moderne system og jobbar kontinuerleg med å utnytte dei fullt ut og forbetre prosessane • Tett samarbeid – du samarbeider med nøkkelressursar innan løn, innkjøp og IKT • Påverknadskraft – du får reell innverknad på korleis rekneskapsfunksjonen utviklar seg • Leikanger ved Sognefjorden – ein flott kontorstad med gode pendlarmoglegheiter Kontaktinformasjon Linda Mæland Nipen, Leiar økonomi Arbeidsstad Askedalen 2 6863 Leikanger Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5176105115 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.