N-
Rådgjevar GIS
Er du oppteken av GIS, digitale kartløysingar og samfunnsutvikling? Har du lyst til å vere med å utvikle løysingar som blir brukte av både kommunar, fagmiljø og politikarar når viktige avgjerder skal bli tatt?
Vestland fylkeskommune søkjer ein GIS-rådgivar til eit vikariat i 2 år. Du blir ein del av eit av dei sterkaste GIS- og analysemiljøa i offentleg sektor, der vi kombinerer moderne teknologi med analyse, innovasjon og samfunnsutvikling.
Dette er ikkje ei rein driftsstilling. Hjå oss får du vere med å utvikle nye løysingar, utforske ny teknologi og omsetje data til kunnskap som bidreg til betre avgjersle.
Arbeidsoppgåver
Arbeidskvardagen vil vere variert. Mellom anna vil du:
• lage geografiske analysar som støttar regional planlegging og samfunnsutvikling
• samarbeide med kommunar, statlege etatar og andre samarbeidspartnarar
• utvikle og forvalte GIS-infrastruktur, karttenester og geodata
• utvikle kartløysingar, dashboards og digitale visualiseringar
• bidra til å vidareutvikle fylkeskommunen sitt kunnskapsgrunnlag
• gi GIS-fagleg rådgiving til ulike avdelingar i fylkeskommunen
• bidra i utviklingsprosjekt innan analyse, digitalisering og geodata
Kvalifikasjonar
• Mastergrad innan GIS, geomatikk, geografi, informatikk eller tilsvarande
• erfaring med GIS-programvare
• god forståing for geografiske data og analysar
• gode samarbeidsevner og evne til å formidle faglege problemstillingar
• personlege eigenskapar vert vektlagt
Det er ein fordel dersom du har erfaring med:
• web-GIS og karttenester
• FME
• Python eller SQL
• ArcGIS Enterprise
• ArcGIS Pro
• datavisualisering og dashboard
• offentleg forvaltning eller planarbeid
Manglande erfaring innan enkelte område kan bli vege opp av sterk motivasjon og vilje til å lære.
Personlege eigenskapar
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Vi ser etter deg som:
• er nysgjerrig
• er løysingsorientert
• er god til å samarbeide med andre
• trivst med å arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi og samfunn
• likar å finne smarte løysingar
• har interesse for geografiske data
• ønskjer å vere med på å utvikle nye arbeidsmåtar
Vi tilbyr
Hjå oss blir du del av eit fagmiljø med høg kompetanse innan GIS, analyse, statistikk og regional planlegging.
Vi deler kunnskap, hjelper kvarandre og har stor tillit til den enkelte medarbeidaren. Du vil få høve til å arbeide med problemstillingar som betyr noko – både for kommunane, innbyggjarane og utviklinga av Vestland.
Du får mellom anna:
• spennande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver
• stor moglegheit til å påverke utviklinga av nye GIS-løysingar
• eit sterkt fagmiljø med brei GIS- og analysekompetanse
• høve til å utvikle deg fagleg gjennom prosjekt og samarbeid
• fleksibel arbeidstid og gode moglegheiter for heimekontor
• gode pensjons- og forsikringsordningar
• løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Ida -Beate Mølmesdal, Leiar, 47604557, Ida-Beate.Molmesdal@vlfk.no
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5174899162
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 12.10.2026