KO
Spesialkonsulent/rådgjevar - freda bygg og kulturmiljø
Vestland fylkeskommune søkjer ein spesialkonsulent/rådgjevar som vil vere med og forvalte den nasjonale og regionale kulturarven i Vestland.
Stillinga ligg i fageininga for museum, fartøy- og bygningsvern, som er ein del av kulturarvseksjonen. Fageininga held til både i Bergen og Førde.
Arbeidsstad for denne stillinga er Førde.
Vi søkjer no ein erfaren, engasjert og samfunnsorientert rådgjevar som vil bidra aktivt i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er i hovudsak knytte til lovheimla forvaltning av kulturmiljø. Du vil mellom anna
• gje råd om bevaring og bruk, i dialog med kommunar, organisasjonar og enkeltpersonar
• gje råd om restaurering
• gjennomføre tilstandsvurderingar
• forvalte tilskot
• handsame dispensasjonar etter kulturminnelova
• utarbeide fredingssaker
• arbeide med formidling og utviklingsoppgåver
• førebu saker til politisk handsaming
Stillinga kan også bli knytt til tverrfaglege oppgåver i avdelinga og seksjonen, til dømes forvaltningsoppgåver etter plan- og bygningslova og deltaking i prosjekt innan kulturmiljøfeltet generelt.
Kvalifikasjonar
• Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, minimum på bachelornivå (spesialkonsulent), innan arkitektur, kunsthistorie, bygningsvern, bygningsingeniørfag eller tilsvarande
• Dokumentert kunnskap om antikvariske prinsipp i bygningsvern og kjennskap til relevant lovverk
• Førarkort for bil, klasse B
Vi ønskjer at du har
• erfaring frå rådgjeving og saksførebuing
• kunnskap om offentleg forvaltning og politiske prosessar
• erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid
• arbeider strukturert, sjølvstendig og målretta
Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein medarbeidar som
• er nytenkjande og utviklingsorientert
• ser heilskap og samanhengar
• kjenner seg igjen i verdiane våre: kompetent, open og modig
• har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
• kommuniserer godt og samarbeider effektivt med ulike aktørar
Vi tilbyr
• eit av Noregs mest sentrale og kompetente fagmiljø innan vern og utvikling av kulturarv
• spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
• løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
• gode forsikrings- og pensjonsvilkår
• fleksibel arbeidstid
• eit fagleg sterkt, inkluderande og engasjerande arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Eva Moberg, leiar, 90591452, Eva.Moberg@vlfk.no
David Johannes Sandved, seksjonssjef, 40226543, David.Johannes.Aasen.Sandved@vlfk.no
Arbeidsstad
Storehagen 1B
6800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5179118412
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2026