Miljøveileder/miljøarbeider

Bryne ungdomsskule, Time kommune · BRYNE, NORGE · for 8 d. siden
Utdanningvia arbeidsplassen.no
Søk
Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum, i gåavstand frå buss-/togstasjonen. Me har om lag 330 elevar og 55 tilsette. Me har 4 parallellar på 8. og 9. trinn, og 5 på 10. trinn. Me er opptekne av at alle elevane og dei tilsette hos oss skal ha eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø. Visjonen vår er at alle elevane skal ha lyst på livet og evne til å meistra det. Arbeidsoppgåver • Gi støtte, motivere og følge opp enkeltelevar og elevgrupper • Samarbeide med miljøteamet, inkluderingspedagog, lærarar, elevar og føresette • Delta aktivt i det profesjonsfaglege arbeidet og bidra til eit godt arbeidsmiljø. Kvalifikasjonar • Fullført utdanning som barne- og undomsarbeidar. Bachelor i helse/sosialt arbeid, t.d vernepleiar, barneverspedagog eller sosionom er også aktuelt. • Det er ønskeleg med kompetanse på og erfaring med alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK), og gjerne tegn til tale  • Det er ønskeleg med tidlegare erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg • Har god digital kompetanse • Det er krav om politiattest til stillinga Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar • Du må vera glad i og like å vera i lag med ungdom • Du må vera ein varm, trygg og tydeleg vaksen • Du må vera oppteken av at alle skal oppleva meistring og framgang både fagleg og sosialt • Du må ha god relasjonskompetanse • Du må ha evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast • Du må kunne stå trygt i utfordrande situasjonar • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar i ein kvardag prega av høgt tempo • Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter Personlege eigenskapar og erfaring vil verta særleg vektlagt i tilsettinga.   Me tilbyr • Offentleg tenestepensjonsordning, KLP • Løn etter tariff • Gode og fagleg dyktige kollegaer og eit arbeidsmiljø som er prega av godt humør, samarbeid og samhald • Flotte elevar Kontaktinformasjon Iselin Gjære Lothe, Rektor, 91573539, iselin.gjaere.lothe@time.kommune.no Arbeidsstad Sveinsvollsvegen 5 4340 Bryne Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5181873875 Stillingsprosent: 80% Vikar Startdato: 12.10.2026 Sluttdato: 01.06.2027 Søknadsfrist: 01.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.