SB
Faste helgestillinger
På Sauherad Bygdeheim er me kollegaer som ønskjer å skape ein god arbeidskvardag for kvarandre – og gode dagar for bebuarane.
Me jobbar med menneske i sårbare situasjonar, der dine handlingar er med på å utgjere ein forskjell, kvar einaste dag.
Bygdeheimen held til på Gvarv, som gir deg landlege omgivelsar i Midt-Telemark kommune. Her har me 16 langtidsplassar, 7 korttidsplassar og 3 øyeblikkeleg hjelp-senger, og institusjonen er bemanna døgnet rundt.
Jobben handlar om å sjå folk, byggje relasjonar og støtte kvarandre. Uansett om du er nyutdanna eller har vore i bransjen ei stund, får du jobbe tett med erfarne sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar.
Kva du kan forvente:
• Ein arbeidsplass prega av stoltheit for arbeidet
• Moglegheit for fagleg utvikling
• Rom for humor og godt samhald mellom kollegaer
• Langvakter i helgene
• Eit team som stiller opp, uansett kva dagen bringer.
Om du ynskjer ein jobb du kan vere stolt av, der du får bruke både hjarte og fagkunnskap – då er dette staden for deg.
Arbeidsoppgåver
• Daglig pleie og omsorg av pasientar
• Dokumentasjon i profil
• Legemiddelhåndtering
• Tverrfagleg samarbeid med sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og tilsynslege
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjon/kompetanse
• Beherske norsk skriftleg og muntleg (dokumentert B1 nivå)
Ønska kompetanse
• Autorisasjon som helsefagarbeider er ønskjeleg
• Søkarar uten autorisasjon kan òg bli vurdert for tilsetting som pleiemedarbeidar
• Behersker data/iPad som verktøy, i tråd med dokumentasjonsplikta
Me ønskjer deg som
• har erfaring frå arbeid innan helse, pleie og omsorg
• er interessert i å arbeide innan pleie- og omsorgstenester
• er ansvarsbevisst og kan arbeide sjølvstendig
• samarbeider godt med kollegaer, brukarar og pårørande
• bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og gode tenester
• ønskjer å bidra til at bebuarar og brukarar opplever tryggleik og meistring
Særskilde krav
• Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
• er engasjert og positiv
• møter menneske med respekt, omsorg og tolmod
• er løysingsorientert
• tek ansvar og kan arbeide sjølvstendig
• er open for læring og utvikling
• har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personelge eingenskapar vektleggast
Vi tilbyr
• E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
• Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Tone Asborg Nilsen, Avdelingsleiar, +47 90840927
Arbeidsstad
Skrivarvegen 2
3810 GVARV
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5174849746
Stillingsprosent: 44, 47, 24%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026