100 % avtaleheimel i klinisk vaksenpsykologi i Helse Stavanger

Helse Vest RHF · STAVANGER, NORGE · for 10 d. siden
Helsevia arbeidsplassen.no
Søk
100 % avtaleheimel for godkjend spesialist i klinisk vaksenpsykologi er ledig omgåande.  Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere: • erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis • erfaring og praksis, med vekt på erfaring som spesialist. Erfaring frå arbeid med vaksne vil bli tillagt vekt • evne til å gjennomføre målretta og avgrensa pasientforløp i tråd med mandatet til spesialisthelsetenesta • personlege eigenskapar • evne til samarbeid med andre • innretning av praksis Arbeidsoppgåver Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldande rammeavtale mellom Helse Vest og Norsk psykologforening.  Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen. Avtalespesialisten skal inngå samarbeidsavtale med Helse Stavanger ved Sola DPS. . Det er etablert ei ordning der alle tilvisingar av pasientar til psykisk helsevern skal sendast til tilvisingsmottak ved helseføretaket ("ein-veg-inn"). Avtalespesialisten mottar pasientar frå Solli DPS. Det er etablert ei ordning der alle tilvisingar av pasientar til psykisk helsevern skal sendast til tilvisingsmottak ved helseføretaket ("ein-veg-inn"). Avtalespesialisten mottar pasientar frå Sola DPS. Vilkår og rammer Det vil i den individuelle driftsavtalen bli fastsett eit minstekrav til inntak av nye pasientar kvar månad.  Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen. Kontaktinformasjon Torleiv Bergland, Rådgiver, 415 33 822 Arbeidsstad Knud Holms gate 8 4005 STAVANGER Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Vest RHF Referansenr.: 5180964008 Stillingsprosent: 100% Engasjement Søknadsfrist: 06.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.