Leiar – Kommunal plan og rettleiing

NPI - Plan, klima og analyse, Vestland fylkeskommune · BERGEN, NORGE · for 8 d. siden
junior / graduateDriftvia arbeidsplassen.no
Søk
I avdeling for næring, plan og innovasjon ved seksjon for plan, klima og analyse (PKA) er vi i ferd med å etablere ei ny organisering. Vi lyser difor no ut stilling som leiar for Kommunal plan og rettleiing. Som leiar får du personalansvar for tilsette i gruppa, og du vil vere sentral for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Seksjonen har eit breitt ansvarsområde mellom anna for  å utarbeide og følge opp regionale planar, intern klimaleiing, analyse, stadutvikling, rettleiie og bistå kommunane i deira planlegging og samordne fylkeskommunen sine fråsegn til kommunale planar. Seksjonen har to einingar.  Oppgåvene til eininga kommunal plan og rettleiing vil mellom anna vere å: • rettleie og bistå kommunane i deira planlegging • samordne og koordinere fråsegn til kommunale planar • rettleie og følgje opp klimaarbeidet og stadutviklinga til kommunane Stillinga er på leiarnivå 4 og rapporterer til seksjonsleiar. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere: • personalansvar for tilsette i gruppa, inkludert fagleg oppfølging og utvikling av medarbeidarane • koordinere det daglege arbeidet innan fagområdet • rådgje og rettleie medarbeidarar og sikre kvalitet og framdrift i arbeidet • vere ein drivkraft innanfor fagområdet og ta initiativ til utvikling og nye arbeidsmåtar • støtte seksjonsleiar i å utvikle fagområda til seksjonen • bistå seksjonsleiar med å avklare større og tverrfaglege problemstillingar • bistå i å sikre godt samarbeid på tvers i seksjonen og avdelinga Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har: • høgare utdanning på masternivå innanfor relevante fagområde. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan vurderast for stillinga. • god kunnskap om ansvarsområda og oppgåvene som ligg til arbeidsgruppa • engasjement og evne til å utvikle fagområda vidare • erfaring med leiing eller koordinering  Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Leiings- og personalkompetanse I denne stillinga vil du ha personalansvar, og det er difor avgjerande at du har gode leiareienskapar. Vi ser etter deg som: • skapar tillit – er tydeleg, lyttande og legg til rette for trygge rammer for medarbeidarane • er utviklingsorientert – har eit genuint engasjement for å hjelpe medarbeidarar med å vekse og utvikle seg • kommuniserer godt – gjev konstruktive tilbakemeldingar og involverer medarbeidarane i avgjerder • er tydeleg i rolla – forstår skilnaden mellom å vere fagperson og å vere leiar, og trivst med begge delar • følgjer opp – er nær nok til å sjå medarbeidarane, og har mot til å ta vanskelege samtalar når det trengst • delegerer og set forventningar – er ein støttespelar som legg til rette for at andre kan lukkast Vi tilbyr • Ein nyskapande og fagleg sterk arbeidsplass i utvikling • Ei ny leiarrolle med personalansvar • Gode høve for fagleg og personleg utvikling • Konkurransedyktig lønn etter avtale • Leiarutviklingsprogram Kontaktinformasjon May-Britt Nesje Hernes, Seksjonsleiar, +47 41688169 Arbeidsstad Lars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5133763253 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.