LB
Barnehagelærar
Longva barnehage ligg flott til midt på øya på Flemsøy/Skuløy. Barnehagen har naturen tett på, med gode høve til turar i skog, fjell og fjøre, som ein nyttar heile året til utforsking, leik og læring.
Longva barnehage vart ny kommunal barnehage i Haram 1. august 2025, og har i dag 21 barn frå 1-5 år, og ei personalgruppe med god fagleg kompetanse.
Frå 12. oktober 2026 har Longva barnehage behov for barnehagelærar i fast 60 % stilling. Vi søker deg som er trygg og engasjert, og som set barnet sitt beste i sentrum og bidreg til fellesskap, trivsel og kvalitet i barnehagen.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
• Medansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet, i tråd med ramme - og lovverk (jf. Barnehageloven og Rammeplan for barnehage)
• Rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
• Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda han/ho er sett til
Kvalifikasjonar
For stilling som barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Personer under barnehagelærar/annan 3-årig høgskule utdanning kan også søke, under forutsetning av at pågåande utdanning blir bestått.
Søkar må vidare:
• Levere oppdatert politiattest
• Jobbe i tråd med barnehagelova
• Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. For å bli fast eller mellombels tilsett som barnehagelærar, må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar kunne dokumentere sine norskferdigheiter (jf. barnehageloven § 28). Søkjar skal legge resultat av språktest saman med søknad og CV.
• Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som har evne til å:
• Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring
• Jobbe sjølvstendig og vere synleg i gruppa
• Motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet
• Bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og det som elles skjer på eigen arbeidsplass
• Vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
• Vere bidragsytar i ein levande og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøte, planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
• Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
• Jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
• Samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon
• Vere ein god rollemodell
• Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/ psykososialt miljø for både barn og vaksne, her under utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf barnehagelova
• Sikre barna sin rett til medverknad og involvering
Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagt .
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
• Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
• Løn etter gjeldande tariff
• God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Reidunn Rogne Flem, Barnehagestyrar, 99526013, reidunn.rogne.flem@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Øvstevegen 212
6293 Longva
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5162512060
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 12.10.2026
Søknadsfrist: 01.10.2026