Lom kommune søkjar reinhaldar - 60% fast stilling

Lom Kommune Sentraladministrasjon · LOM, NORGE · for 16 d. siden
Butikk & servicevia arbeidsplassen.no
Søk
Vi søkjar reinhaldar - 60% fast stilling Vil du bidra til reine, trygge og trivelege omgjevnader i Lom kommune? Søknadsfrist: 07.10.2026 Reinhald er ein viktig del av tenestene i kommunen og har mykje å seie for helse, trivsel og eit godt inneklima. Vi søkjer deg som er påliteleg, fleksibel og løysingsorientert, og som ønskjer å bidra til gode omgjevnader for alle som bruker bygga våre. Vi har ledig ei fast 60 % stilling som reinhaldar. Du blir ein del av tenesteområdet kommunal eigedom og får ein variert arbeidskvardag i dei kommunale bygga. Arbeidsoppgåver Du vil utføre reinhald i mellom anna skular, barnehagar og andre kommunale lokale. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere: • dagleg og periodisk reinhald og hovudreinhald etter gjeldande rutinar og kvalitetskrav • bruk og vedlikehald av reinhaldsutstyr og -materiell • bidra til eit godt inneklima og eit triveleg miljø for brukarar og tilsette Vi ser etter deg som • arbeider sjølvstendig og strukturert • er fleksibel, ansvarsbevisst og påliteleg • samarbeider godt og bidreg positivt til arbeidsmiljøet • møter kollegaer og brukarar på ein inkluderande og profesjonell måte • er oppteken av kvalitet i arbeidet Kvalifikasjonar • Fagbrev innan reinhald er ønskjeleg, men relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev. • Du har grunnleggjande digital kompetanse og kan bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen. • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. • Førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav. • Det er krav om godkjend politiattest. Vi tilbyr • ein variert og meiningsfull arbeidskvardag • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving • lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.