VH
Vil du vere med og skape trygge og gode netter for våre bebuarar?
Likar du å arbeide når alle andre søv?
Me søkjer deg som ynskjer arbeid på natt og vil ha 100 % fast stilling.
Du vil vera ein viktig faktor for å skapa trygge og gode netter for våre bebuarar
Me treng deg!
Arbeidsoppgåver:
• Ivareta pleie og omsorg for bebuarane om natta
• Observere og følgje opp helsetilstand og behov
• Dokumentere og rapportere etter gjeldande rutinar
• Samarbeide med kollegaer og andre faggrupper
• Bidra til tryggleik, trivsel og god kvalitet i tenesta
Kvalifikasjonar:
• Autorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg
• Assistentar med relevant erfaring eller interesse for arbeid innan helse og omsorg vert oppmoda om å søkje
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
• Grunnleggjande digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
• Er omsorgsfull, ansvarsbevisst og påliteleg
• Kan arbeide sjølvstendig og ta gode vurderingar
• Har gode samarbeidsevner
• Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Voss herad tilbyr:
• Ei meiningsfull og variert stilling
• God opplæring og fagleg støtte
• Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
• Løn etter gjeldande tariffavtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lov- og avtaleverk. Det må leggjast fram tilfredsstillande politiattest før oppstart dersom stillinga krev dette.
Velkomen som søkjar – vi ser fram til å høyre frå deg!
Søknad
Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og inkludering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Søk via søknadsportalen og legg ved relevante attestar, vitnemål og referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste.
Link til søknadsskjema: Søk her