Vil du bli vår nye maskinsjef?

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS · BOGEN I OFOTEN, NORGE · for 4 md. siden
Driftvia arbeidsplassen.no
Søk
Vi søkjer etter ein engasjert maskinsjef til fartøyet MF Lote, som trafikkerer sambandet Bognes - Skarberget.  Attraktiv turnus med mykje fri: 2 uker nattarbeid, 4 uker fri. Deretter 2 uker dagvakter, 2 uker fri. I Fjord1 får du også gode velferdsordningar og tilsettgoder. Som maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring, i eit team med trivelege og inkluderande kollegaer. Dette er ein jobb som let deg kombinere arbeid og fritid.  Det er mogleg å bu ombord i arbeidsperioden. Oppstart fortløpande.  Arbeidsoppgåver • Lei det tekniske arbeidet om bord og sørg for at alt utstyr fungerer i samsvar med klasse- og styresmaktene sine krav. • Vedlikehald av maskineri og komponentar i tråd med AMOS vedlikehaldssystem. • Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. • Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikssystemet vert følgt og at ISM-koden er oppfylt.  • Opplæring av personell og handsaming av alarminstruks. • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar, reservedelsoversikt, samt arkivering og vedlikehald av tekniske dokument.  • Overvake forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, samt føre maskindagbok og oljedagbok i samsvar med krav.  • Budsjettere og bestille reservedelar og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.  • Sørgje for oppdatert stoffkartotek, samt reinhald og brannførebygging. Kvalifikasjonar • Minimum M3-sertifikat • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta • Krise- og passasjerhandtering • Gyldig helseerklæring • Allsidig erfaring som maskinsjef Personlege eigenskapar • Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.  Vi tilbyr • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer. • Attrakive velferdsordningar og tilsettgoder.  Kontaktinformasjon Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no Arbeidsstad Bognes - Skarberget 8539  Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5131579368 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.