Sjukepleiar

Gulen kommune · DALSØYRA, NORGE · for 11 d. siden
Helsevia arbeidsplassen.no
Søk
Om stillingane  Gulen kommune, for tida ved sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) har ledig:  • I inntil 50% vikariat som sjukepleiar ved sone BBD frå etter avtale til 31.01.2027. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra, med ordinære vakter i vekedagane. I utgangspunktet er det ikkje helg knytt til dette vikariatet.    • I inntil 33% fast stilling som sjukepleiar ved sone BBD frå etter avtale. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra. Ordinære vakter.  Dersom ein ynskjer kan desse stillingane/delar av stillingane kombinerast med kvarandre.  Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.  Me tilbyr • Ekstra helgekompensasjon for gjennomført vakt  • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Godt arbeidsmiljø og ei spanande teneste i utvikling  Arbeidsoppgåver  • Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver • Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane • Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl. • Andre oppgåver som måtte kome til I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg Kvalifikasjonskrav  • Autorisasjon som sjukepleiar • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg • Gyldig politiattest  • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling • Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing Anna  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.