Heimehjelp 100 % fast stilling

Heimetenestene, Sykkylven kommune · SYKKYLVEN, NORGE · for 3 d. siden
Helsevia arbeidsplassen.no
Søk
Er du omsorgsfull, pålitelig og trivst med å hjelpe andre i kvardagen? I Heimetenestene har vi no ledig 100 % fast stilling som heimehjelp, med arbeid 3. kvar helg. Vi ser etter deg som er ansvarsbevisst, arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre, og som møter brukarane med respekt og engasjement. Hos oss vil du bli ein viktig del av eit tverrfagleg team som arbeider for at innbyggarar skal kunne bu heime lengst mogleg. Heimetenestene held til i nye, moderne lokale saman med lege- og psykiatritenester, noko som legg til rette for tett samarbeid og fagleg utvikling. Bli ein del av vårt team! Arbeidsoppgåver • Bistand til personlig hjelp, reinhald, klesvask ,handling  og tilrettelegge for struktur i heim • Andre relevante oppgaver knytta til lettere pleie og omsorg Kvalifikasjonar • Du må ha gode norskkunnskaper skriftleg og munnleg, minimum nivå B1 • Du må ha førerkort kl B. Ved behov, må du kunne nytte eigen bil i tenesta • Du må ha gode digitale ferdigheter  Personlege eigenskapar • Pålitelig og ansvarsbevisst • Engasjert og positiv person med særleg interesse for eldreomsorg • Viser engasjement og tek initiativ • Evne til å samarbeide og arbeide sjølvstendig • Gode kommunikasjonsferdigheitar • Omstillingsdyktig Personleg egnaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr • God tilpassa opplæring  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk • Løn etter tariff • Obligatorisk tenestepensjonsordning • Gunstige låne- og forsikringsordningar • Godt arbeidsmiljø  Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd Kontaktinformasjon Anne Britt Kurseth, Avdelingsleiar HBO, 48123591, anne.kurseth@sykkylven.kommune.no Arbeidsstad Auregata 19 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5184048834 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.