KYRKJELYDSPEDAGOG / KYRKJELYDSARBEIDAR i Masfjorden

Masfjorden Sokn · MASFJORDNES, NORGE · for 10 d. siden
13+ år nevntUtdanningvia arbeidsplassen.no
Søk
Har du lyst på ein variert og meiningsfull jobb der du får skape gode møte mellom kyrkja og barn, unge og familiar – og formidle kristen tru på ein trygg, kreativ og inkluderande måte? Då kan stillinga som kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar vere noko for deg! Hva vi ser etter Kvalifikasjonar og eigenskapar Du som søkjer må • ha vilje og evne til samarbeid og formidling • kunne arbeide strukturert og sjølvstendig • ha evne til å arbeide med ulike aldersgrupper, og særskilt barn og unge • være god i norsk både skriftleg og munnleg, (me nyttar nynorsk skriftleg) • beherske data som arbeidsverktøy • ha førarkort og disponere bil • vere medlem av Den norske kyrkja • ha relevant utdanning innan kristendom, trusopplæring, pedagogikk eller barne- og ungdomsarbeid. Relevant erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid kan kompensera for manglande formell kompetanse. • Personlege eigenskapar vil verte vektlagt. • Politiattest ikkje eldre enn tre månadar må leggast fram ved tilsetjing. Arbeidsoppgaver Til denne stillinga (50%) ligg for tida fylgjande oppgåver: • Planlegging og gjennomføring av samlingar for barn og unge i alderen 0-13 år som t.d. dåpsskule, utdeling av kyrkjebøker, samarbeid med skulane/barnehagane, Tårnagenthelg og Lys Våken. • Invitere frivillige til å bidra i arbeidet, og fylgje dei frivillige opp. • Det kan også verta aktuelt med kyrkjelydstilbod for andre aldersgrupper. • Konfirmantarbeid (20%) saman med prest og evt. andre tilsette/frivillige Ein ynskjer at kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar skal ha fridom til å utforme eit tilbod basert på eigne interesser og kvalifikasjonar. Men ein føreset at arbeidet skjer innan dei rammene som fellesrådet set, og at det innhaldsmessig skjer i samråd med sokneprest. Skriv i søknaden om du søkjer på heile eller delar av stillinga Vi tilbyr • Ei interessant og spanande stilling • Løn på bakgrunn av utdanning og erfaring, etter KA sine satsar • Medlemskap i KLP

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.