Barne- og ungdomsarbeidarar, vikariat barnehage

Gulen kommune · DALSØYRA, NORGE · for 1 d. siden
Utdanningvia arbeidsplassen.no
Søk
Om stillinga Vil du vere med og skape ein trygg, leiken og meiningsfull kvardag for barna våre? I Gulen kommune har vi barnehagar kor omsorg, leik, læring og gode relasjonar står i sentrum. No søkjer vi ein engasjert og varm barne- og ungdomsarbeidar som ynskjer å vere med og gi barna ein trygg start, gode opplevingar og utviklingsmoglegheiter i kvardagen. Hjå oss får du bruke kompetansen din i eit inkluderande arbeidsmiljø, kor samarbeid, nærvær og barnets beste er viktige verdiar. Me lyser etter fylgjande, for tida ved eining Dalsøyra barnehage og skule : • I inntil 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar/eller tilsvarande, frå snarast/etter avtale til medio august 2027. Kan verte moglegheit for noko forlenging av vikariatet. Stillinga er, for tida, knytt til avdeling Hovden barnehage Barnehagane i Gulen tilbyr • Eit sterkt fokus på fagleg utvikling, kor idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert verdsett • Små og oversiktlege barnehagar som gir nærleik, gode relasjonar og ein trygg start for deg som er ny i yrket • Eit godt, varmt og inkluderande arbeidsmiljø • Rettleiing og støtte som del av arbeidskvardagen • Eit godt fagleg nettverk og tett samarbeid mellom barnehagane i kommunen Arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidar • Medverke til at barnehagen er ei god pedagogisk verksemd • Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna • Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda • Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn • Andre arbeidsoppgåver som måtte kome til Kvalifikasjonar • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse • Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med fagbrev/tilsvarande kompetanse, kan andre søkjarar verte vurderte • Erfaring frå arbeid i barnehage eller anna arbeid med barn er ynskjeleg • Evne til å arbeide i tråd med barnehagen sitt samfunnsoppdrag og verdigrunnlag • Grunnleggjande digital kompetanse • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling Personlege eigenskapar • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen • Du tek initiativ og er aktivt med i leik og kvardagsaktivitetar • Du samarbeider godt med barn, føresette og kollegaer • Du er fleksibel, ansvarsmedviten og løysingsorientert • Personlege eigenskapar vil verte lagde vekt på Anna • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering • Løn etter tariff

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.