Assistent/lærar 100 % – vikariat

Moltustranda Montessori Sa · MOLTUSTRANDA, NORGE · for 10 d. siden
Driftvia arbeidsplassen.no
Søk
Moltustranda Montessori søkjer ein trygg, engasjert og fleksibel assistent/lærarvikar til skule og SFO. Vi har ledig 100 % vikariat frå 23. oktober 2026 til 18. juni 2027. Det kan også vere mogleg å starte tidlegare, i full- eller deltidsstilling, dersom det er ønskjeleg. Hva vi ser etter Kven ser vi etter? Vi ser etter deg som: • er trygg, varm og tydeleg i møte med barn • har gode relasjonelle eigenskapar • er fleksibel og løysingsorientert • tek initiativ og ser kva som trengst • trivst med ein variert og aktiv arbeidsdag • ønskjer å bidra til eit trygt og inkluderande skulemiljø Montessori-erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav. Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Arbeidsoppgaver Hos oss blir du ein viktig del av kvardagen til elevane på 1.--7. trinn. Stillinga inneber mellom anna: • oppfølging av elevar i skulekvardagen • støtte i fagleg, sosial og praktisk læring • deltaking i aktivitetar ute og inne • samarbeid med lærarar og andre tilsette • arbeid i SFO. Vi tilbyr Vi tilbyr: • Gode lønns og pensjonsordningar • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag • Eit lite og inkluderande arbeidsmiljø • Moglegheit til å gjere ein forskjell for barn og unge • Erfaring frå ein Montessori-skule i utvikling • Moglegheit for vidare arbeid ved skulen kan vere aktuelt, avhengig av behov og elevtal neste skuleår. Send søknad til: • post@moltustrandamontessori.no Spørsmål om stillinga kan rettast til styremedlem Nikoline Lillestøl-Moltu på telefon 481 20 152 eller rektor Monica F. Steinsvik på telefon 930 36 809.

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.