Tilkallingsvikarar ved VHT - Helsefagarbeidar eller assistent

Vang Kommune · VANG I VALDRES, NORGE · for 7 md. siden
18+ år nevntDriftvia arbeidsplassen.no
Søk
Vi ser etter engasjerte og omsorgsfulle tilkallingsvikarar (primært på helg) ved Vangsheimen og heimebaserte tenester. Som medarbeidar i VHT blir du ein viktig del av kvardagen til menneske som treng støtte, pleie og tryggleik.   Søknadane vert fortløpande vurdert. Arbeidsoppgåver • Utøve helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk • Praktisk bistand og rettleiing av brukarar • Bidra til positivt samarbeid med pårørande • Dokumentere i fagsystemet Profil Kvalifikasjonar • Fortrinnvis helsefagarbeidar, men ufaglærte med erfaring kan søkje • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg • Erfaring frå kommunal pleie-og omsorgstenester • Kunnskap om bruk av IKT som verktøy Søkjar må vere minst 18 år Personlege eigenskapar • Ha evne til å gje omsorg og tryggleik • Vera fleksibel og ha tilpassingsevne • Vere motivert, engasjert og strukturert • Ha gode evner til samarbeid • Vere sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver • Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapeleg Vi tilbyr • Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver • Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer • Opplæring og rettleiing Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding. Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsvavtalar. Kontaktinformasjon Rita Helen Dalemark, Konst.leiar VHT, 91583299 , rita.helen.dalemark@vang.kommune.no Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Vang Kommune Referansenr.: 5083419503 Stillingsprosent: 12% Vikar Søknadsfrist: 31.12.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.