FÅ
Sjukepleiestudent/tilkalling/føde-barsel
Fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus er ei spennande og aktiv avdeling, som har ca. 1200 fødslar pr år.
Vi søkjer sjukepleiarstudentar som ønskjer verdifull erfaring innan føde- og barselomsorg. Som tilkallingsvikar vil du bidra i den daglege drifta saman med jordmødrer, barnepleiarar og sjukepleiarar, og få moglegheit til å utvikle kompetanse innan kvinne- og barnehelse.
Det kan være aktuelt med arbeid på helg, i ferieperioder, samt høve for ekstravakter utover dette.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gler oss til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
• Ivaretaking av mor og barn etter fødsel
• Vegleiing i amming og barnestell
• Observasjonar av mor og barn
• Assistere jordmor ved fødsel
Kvalifikasjonar
• Sjukepleiarstudent, gjerne frå 2. studieår eller høgare
• Interesse for arbeid med gravide, fødande, barselkvinner og nyfødde
• Ønskeleg med erfaring frå helsetenesta, men ikkje eit krav
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
• Grunnleggande digitale ferdigheiter
• Må kunne arbeide sjølvstendig innanfor gitte rammer og søkje rettleiing ved behov
Personlege eigenskapar
• Du er ansvarsbevisst og påliteleg
• Du er fagleg interessert og motivert for å lære
• Du er omsorgsfull, empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande
• Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Du er fleksibel og innstilt på å bidra ved behov
• Du har evne til å arbeide strukturert i ein travel kvardag
• Du trivst med både sjølvstendig arbeid og arbeid i team
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her .
Kontaktinformasjon
Marianne Bakken Omvik, Seksjonsleiar, +47 70105921, Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5182374351
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 02.10.2026