Vi søkjer sjukepleiar!

Intensiv sengepost, Haugesund Sjukehus · HAUGESUND, NORGE · for 15 d. siden
Helsevia arbeidsplassen.no
Søk
❤️ Bli ein del av vårt engasjerte intensivteam! Ønskjer du å utvikle deg innan intensivsjukepleie og få verdifull erfaring i eit spennande og høgt kompetent fagmiljø? Då kan dette vere moglegheita for deg. Hos oss får du arbeide tett på kritisk sjuke pasientar i ei moderne intensivavdeling, samtidig som du blir ein del av eit inkluderande team med stort fagleg engasjement. Stillinga gir ei unik moglegheit til å bli kjent med intensivfaget og vurdere vidare utdanning innan intensivsjukepleie. 📍 Stillinga er i 3-delt turnus med arbeid kvar tredje helg. Intensiveininga er ei kombinert intensiv- og postoperativ avdeling og er ein del av Anestesi-, intensiv- og operasjonsavdelinga i Kirurgisk klinikk. ✨ Hausten 2021 flytta vi inn i heilt nye og moderne lokale ved Haugesund sjukehus, med utstyr og fasilitetar som legg til rette for avansert pasientbehandling, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø. Kjenner du deg igjen i dette? Då håpar vi du søkjer! Kva går jobben ut på? • Sjukepleie til kirurgiske og medisinske intensivpasientar. • Overvåke, vurdere og følgje opp pasientar med avanserte medisinske og tekniske behandlingsbehov. • Gi postoperativ sjukepleie og bidra til trygg og god oppfølging etter operasjon.  • Samarbeide tett i tverrfaglege team for å sikre best mogleg behandling i pasientforløp. • Bidra til fagleg utvikling og lære meir om intensivfaget i eit miljø med høg kompetanse. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som sjukepleiar. • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse • Interesse og eller erfaring med medisinsk teknisk utstyr • Gode munnlege og skriftlege norskkunskapar. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: • Likar ansvar og arbeidar godt både sjølvstendig og i team • Trivst med ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag • Held hovudet kaldt og tek gode vurderingar når det er travelt • Er fleksibel og open for nye utfordringar • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid • Vurderer vidareutdanning innan intensivsjukepleie ✨ Kvifor skal du velje oss? • Bli ein del av eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, trivsel og fagleg støtte står sterkt. • Arbeid saman med fagleg dyktige og omtenksame kollegaer som deler kunnskap og heiar på kvarandre. • Gode moglegheiter for opplæring og fagleg utvikling , enten du ønskjer meir erfaring innan intensivfaget eller vurderer vidareutdanning. • Høg fagleg kompetanse og spennande arbeidsoppgåver i ei moderne intensiv- og postoperativ avdeling. • Gode pensjons- og forsikringsordningar , inkludert yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring. • Ein unik kombinasjon av karriere og livskvalitet , med nærleik til både fjord, fjell og eit rikt fritidstilbod. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Hege Østensjø, Funksjonsleiar, +47 52732670 Arbeidsstad Karmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5178887990 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 18.01.2027 Søknadsfrist: 02.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.