Kunstbygda Balestrand as søkjer etter dagleg leiar

Kunstbygda Balestrand As · BALESTRAND, NORGE · for 8 d. siden
Driftvia arbeidsplassen.no
Søk
Vil du vere med å utvikle eit sterkt kunstfelt og eit rikt kulturliv i bygdene våre? Kunstbygda Balestrand as er eit selskap med eit ideelt hovudføremål som er å bidra til at kunst og andre kulturuttrykk er viktige utviklingsfaktorar i Sogn. Hva vi ser etter • Har lyst og motivasjon til å jobbe med kunst og kultur som ein viktig utviklingsfaktor i lokalsamfunna i Sogn • Er sjølvstendig, men og god til å spele på lag med andre tilsette og samarbeidsaktørar • Har kjennskap til, og erfaring innan kunst- og kulturfeltet, eller anna relevant kompetanse Arbeidsoppgaver • Gjennomføre oppdrag og prosjekt selskapet har ansvar for • Samarbeid og nettverk med andre aktørar i regionen • Kontakt med styreleiar og styret, saksførebuing og oppfølging av styret sine vedtak • Administrative oppgåvene knytt til selskapet • Styrke finansiering av drift og prosjekt • Samarbeide med kommunar og bidra inn i ulike kommunale utval og prosessar Vi tilbyr I rolla som dagleg leiar vil du få ansvar for å gjennomføre dei oppdraga og prosjekt som selskapet til ei kvar tid har teke på seg. Du vil ha ansvar for å utvikle selskapet vidare i samarbeid med prosjektleiar og styret. Dette gjeld både i høve å utvikle nye prosjekt, og styrke det økonomiske grunnlaget til selskapet. Du får ei sentral rolle i å forme den vidare utviklinga, retninga og posisjonen til selskapet, og det er mogleg for deg å setje ditt preg på korleis vi skal lukkast. Stillinga er i dag 60 %. I samband med tilsettinga og i dialog med søkjarar vert det vurdert å auke stillingsprosenten. Fleksibel arbeidstid. Løn etter avtale.

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.