Fagansvarleg rekneskap og løn

Sveio kommune · SVEIO, NORGE · for 1 md. siden
Økonomivia arbeidsplassen.no
Søk
Om stillinga Vil du vere med og sikre gode og framtidsretta rekneskaps- og lønstenester i Sveio kommune? Sveio kommune søkjer ein fagleg sterk og utviklingsorientert fagansvarleg innan rekneskap og løn. Vi ser etter deg som ønskjer ei sentral rolle i arbeidet med å sikre kvalitet, kontroll og vidareutvikling av kommunen sine rekneskaps- og lønsprosessar. Som fagansvarleg får du eit overordna fagleg og operativt ansvar for kommunen sitt arbeid innan rekneskap og løn. Du vil vere med på å sikre god kvalitet i tenestene, vidareutvikle arbeidsprosessar og bidra til effektiv drift. Stillinga rapportere til økonomisjef.   Kvifor arbeide hos oss? Hos oss får du ei viktig rolle i ein kommune der du kan vere med på å påverke, forbetre og vidareutvikle sentrale arbeidsprosessar innan rekneskap og løn. Du blir ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og får høve til å bidra både fagleg og strategisk i utviklinga av tenestene våre. Kvalifikasjonar     Vi ser etter deg som har: • høgare utdanning innan økonomi, rekneskap, revisjon eller tilsvarande • god kjennskap til kommunal sektor og relevant lov- og regelverk • relevant erfaring frå rekneskap, løn eller revisjon • god systemforståing og god kompetanse i Excel og administrative IKT-system • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk           Det er ein fordel om du har: • erfaring med kommunerekneskap • erfaring med Visma Enterprise Plus • erfaring frå fagleiing, rettleiing eller koordinering Arbeidsoppgåver Du får fagleg og operativt ansvar for kommunen si rekneskaps- og lønsfunksjon, med fagleg oppfølging av fire medarbeidarar. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna: • fagleg ansvar for kommunen sitt arbeid innan rekneskap og løn • sikre god kvalitet i rekneskapsføring, lønsutbetalingar, avstemming og rapportering • utvikle, forbetre og dokumentere rutinar og arbeidsprosessar • bidra i årsavslutning, tertialrapportering og budsjettoppfølging • bidra til god internkontroll og etterleving av lov- og avtaleverk • vere rådgjevar og støtte for leiarar og tilsette i spørsmål om løn og økonomi • delta i utviklingsarbeid, digitalisering og forbetring av system og arbeidsflyt • samarbeide med andre fagmiljø og eksterne aktørar ved behov Arbeidsoppgåvene kan bli justerte ut frå kompetansen og profilen til den rette kandidaten, og i takt med utvikling av økonomifunksjonen i kommunen. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • er strukturert, grundig og har høg gjennomføringsevne • ser heilskapen,og samstundeshar kontroll på detaljer • trivst med å løyse problem og handtere komplekse problemstillingar • kommuniserer tydeleg og byggjer gode relasjonar • trivst med ansvar og har god arbeidskapasitet Vi tilbyr • Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap  • Eit fagmiljø i utvikling som du får vere med på å påverke og utvikle  • Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.