Helsefagarbeidar/barn- og ungdomsarbeidar

Kviteseid kommune · KVITESEID, NORGE · for 21 d. siden
Helsevia arbeidsplassen.no
Søk
Lundenjordet er eit bufellesskap for menneske med funksjonsvariasjonar. Lundenjordet består av 13 faste bustader og 1 avlastningsbustad for born. No har me ledig ei nattevaktstilling i avlastninga for born kvar 4. helg, den som blir tilsett må kunne følgje oppsett turnus. Me søkjer difor etter ein helsefagarbeidar eller barne-og ungdomsarbidar til 14,08 % fast helgestilling på natt i avlastningsbustaden, med moglegheit for auking av stillingsstørrelse etterkvar som evnt. avlastning aukar. Oppstart 14.12.26. Stillinga let seg kombinere med andre stillingar i kommunen. Arbeidsoppgåver • Praktisk bistand, pleie, stell og tilsyn av bornet gjennom heile natta • Skape ei trygg og god natt for bornet • Dokumentere i fagsystem Kvalifikasjonar • Fagbrev som helsefagarbeidar/norsk autorisasjon som hjelpepleiar eller barne- og ungdomsarbeidar • Ynskje om relevant vidareutdanning retta mot menneske med utviklingshemming • Ynskje om erfaring frå arbeid med born med utviklingshemming • Førarkort kl. B • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som:  • Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner • Har evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla • Er fleksibel, strukturert og løysingsorientert • Vil halde deg fagleg oppdater Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Kommunen legg vekt på psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve. Vi tilbyr • Godt og inkluderande arbeidsmiljø • Spanande og omfattande faglege utfordringar • Løn etter gjeldande avtale Kontaktinformasjon Unni Elisabeth Øygarden, Einingsleiar Tilrettelagde tenester, +47 90251683, unni.oygarden@kviteseid.kommune.no Arbeidsstad Kviteseidgata 11A 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5175428675 Stillingsprosent: 14,08% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.