Tannhelsesekretær (fleire vikariat) ved Institutt for klinisk odontologi

Universitetet i Bergen · BERGEN, NORGE · for 10 d. siden
Helsevia arbeidsplassen.no
Søk
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Tannhelsesekretær (fleire vikariat) Ved Det medisinske fakultet,  Institutt for klinisk odontologi , er det ledige fleire vikariat som tannhelsesekretær i ulike stillingsbrøkar. Vikariata kan vere både heiltids- og deltidsstillingar og ha ulik varigheit. Tilsetjingsperioden kan vere frå 6 til 18 månader, med moglegheit for forlenging. Som tilsett hos oss vil du få moglegheit til å gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: barnetannpleie, endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, periodonti, hovudresepsjon og oral diagnostikk. Tannhelsesekretæren vil arbeide i team saman med tannlege og ha ansvar for studentar i kvar økt på klinikken. Ved tilsetting vert det kravd politiattest etter helsepersonelloven §20 a). Arbeidsoppgåver: • Pasientomsorg • Assistanse til tannlegar/tannpleiarar og studentar • Ved arbeidsstad ved Seksjon for kjeve og ansiktsradiologi er erfaring med å kunne utføre og handtere forskjellige røntgenopptak ønskjeleg samt å rettleie • og følgje opp studentar i klinisk røntgenopptak. Opplæring vil kunne verte gitt. • Opplæring av studentar i hygiene • Oppdekking, etterfylling av instrument og materialar • Reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr • Pasientadministrative oppgåver  • Kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis Andre oppgåver kan leggjast til stillinga. Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: • Søkjarar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær • Erfaring som tannhelsesekretær er eit ønskje • Evne til fleksibilitet, nytenking og initiativ • Ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne • Kompetanse innan data og Opus journalsystem • Handtera telefonar • Evne til å skape trivsel og godt arbeidsmiljø Den som vert tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr: • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø • Løn for tida kr 520 000 (kode 1545) i lønsregulativet i staten. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn • Medlemskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga • Kva stillingsbrøk du ønskjer • Kopiar av vitnemål og relevante attestar • To referansar (namn og kontaktinformasjon) Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til overtannlege Stig Løvold, e-post:  stig.lovold@uib.no Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Universitetet i Bergen treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Retningslinjer for arbeidstøy ved Odontologisk universitetsklinikk Odontologisk Universitetsklinikk ved Universitetet i Bergen følgjer «Faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis», som er utarbeidd av universiteta i Oslo, Tromsø og Bergen i samarbeid med Kompetansesentret for dekontaminering ved OUS, Den Norske Tannlegeforening (NTF), Helsedirektoratet, og Folkehelseinstituttet. • Tilsette og studentar bruker arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkane. • Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat handhygiene. • Religiøse hovudplagg og operasjonshette/lue som vert brukt i klinikken vert rekna som arbeidstøy, og følgjer reglar for arbeidstøy. • Alt arbeidstøy tilhøyrer Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet vert lånt ut til tilsette og studentar. Meir informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, Universitetet i Bergen, finn du her:  Smittevern og HMS ved Institutt for klinisk odontologi | UiB Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du verte positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.