Barnevernskonsulent

Volda kommune, Avdeling barnevern · VOLDA, NORGE · for 17 d. siden
HR & Peoplevia arbeidsplassen.no
Søk
Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid består av kommunane Hareid, Sande,Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Volda kommune er vertskommune og tenesta er lokalisert i rådhuset i Volda. Tenesta har om lag 50 tilsette. Barnevernstenesta har fokus på medverknad, kvalitet i arbeidet og fagutvikling. Alle kommunene i samarbeidet har tverrfagleg samhandling som satsingsområde og er BTI (betre tverrfagleg innsats) kommuner. Det er to ledige 100 % stillingar som  barnevernskonsulent  Den eine er ei fast stilling, den andre er eit svangerskapsvikariat.  Om du ynskjer å medverke til endring i oppveksten til barn som treng det; søk på stillinga! Vi ber om at søkjar oppgir om ein søker på ei eller begge stillingane.  Arbeidsoppgåver • Sakshandsaming etter barnevernslova • Tverrfagleg samarbeid • Sakshandsaming for nemnd og rett • Deltaking i fagleg utviklingsarbeid • Samarbeide i team • Noko reiseverksemd og ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast   Kvalifikasjonar • Grunnutdanning som barnevernspedagog eller sosionom • Arbeidserfaring frå kommunal barnevernsteneste eller anna relevant arbeid med barn og ungdom • God kjennskap til barnevernslova, sakshandsamingsrundskrivet, og relevante forskrifter • Ønskeleg med relevant vidareutdanning • Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på • Førarkort klasse B • God skriftleg og munnleg norsk framstillingsevne • Gode datakunnskapar • Godkjent politiattest må leverast før tilsetting  Vitnemål og eventuelle attestar skal ligge ved søknaden i Webcruiter Personlege eigenskapar • God kommunikasjonsevne som skapar tryggleik og tillit hjå dei du møter i arbeidet • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team • Evne til å sjå moglegheiter, ta beslutningar og ansvar i arbeidet, samt gjere gode faglege vurderingar • Evna til å kunne arbeide planmessig og strukturert • Gode analytiske evner • Kunne meistre eit høgt arbeidspress og ha evne til å prioritere og ta initiativ • Evne til rask omstilling frå planlagt arbeid til akutt arbeid • Bevisst eigne haldningar, verdigrunnlag og eigenpraksis • Vi legg vekt på korleis søkjar vil utfylle personalgruppa elles Vi tilbyr • Løn etter avtale • Systematisk opplæring og rettleiing  • Fleksitid • Spanande utfordringar i eit utviklingsorientert miljø • Løysingsorientert organisasjonskultur bygd på tillit og handlingsrom • Inkluderande arbeidslivsverksemd • God pensjonsordning Kontaktinformasjon Aina Øyehaug Opsvik, 40092789 Torill Osborg Vinjevoll, 48148857 Arbeidsstad Stormyra 2 6100 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Volda kommune Referansenr.: 5177838717 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikar Søknadsfrist: 23.09.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.