Helgestilling i Heimetenesta

Osterøy kommune · LONEVÅG, NORGE · for 3 d. siden
10+ år nevntHelsevia arbeidsplassen.no
Søk
Om stillinga Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledige helgestillingar frå november 2026. Stillingane er fast med arbeid kvar. 3 helg og passar difor godt for deg som for eksempel går på skule. I Heimetenesta yter ein tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Dømer på helsehjelp kan vera mattillaging, legemiddelutdeling og liknande. Arbeidsoppgåver • Omsorg til menneske i deira eigen heim  • Bidra til å styrke brukarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)  • Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.  • Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukars heilskaplege tilstand  • Samarbeid med pårørande  • Samarbeid med kollegaer, ergo/fysio, sjukeheim og andre samarbeidspartar  Vi tilbyr • Ein meiningsfull og givande jobb med moglegheit til å gjere ein skilnad i menneskers liv • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer  • Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta Kvalifikasjonskrav • Det er ønskeleg at du er hjelpepleiar eller helsefagarbeidar. Me oppmodar og studentar innan helse og omsorg å søke. Dersom me ikkje får nok kvalifiserte søkarar, vil me vurdera tilsetting utan fagutdanning innan helse og omsorg. Erfaring frå omsorgs- eller helsefagleg arbeid er ein fordel men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt på arbeidsplassen.  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og tryggleik hjå brukarane våre. • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team og samstundes vere fleksibel med omsyn til arbeidstider. • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk. • Krav om førarkort klasse B • Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.  Kommunen har 6 månader prøvetid ved tilsetjing.   Anna informasjon Intervju for stillingane vil bli gjennomførte tirsdag 20. oktober, og ein må ha moglegheit til å møte då. Offentleg tenestepensjon  I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide -  og livet ut!  Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!  Sjå vår  Pensjonsguide  for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.