Nattevakt på Helsetunet

Øystre Slidre kommune · HEGGENES, NORGE · for 7 d. siden
Helsevia arbeidsplassen.no
Søk
Det er ledig 51,29% stilling som nattevakt ved Helsetunet i Øystre Slidre kommune frå 01.12.2026. Søkjarar kan òg bli vurderte for andre stillingar som vert ledige. Vil du vere ein del av laget vårt? Vi held til i nye og moderne lokale, der institusjon, omsorgsbustader og heimeteneste held til i same bygg. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde.  Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre. Arbeidsoppgåver • Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument • Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsmestring • Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer • Samarbeid og tverrfagleg med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg Kvalifikasjonar • Det er krav om fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeidar • Gode norskkunnskapar • Sertifikat i klasse B • Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstenesteloven §5-4 Personlege eigenskapar • Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert • Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar  • Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring og velferdsteknologi Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr • Turnus med kvar 3. helg • Nødvendig opplæring og rettleiing • Kompetanseheving • Opplæring i fagsystem • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP Kontaktinformasjon Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, +47 95940309 Arbeidsstad Bygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5178489224 Stillingsprosent: 51,29% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.