SK
Helsefagarbeidar i heimetenesta, sone Sogndal
Me har ledige stillingar som helsefagarbeidar i heimetenesta, og håpar du vil bli vår nye kollega!
Me har følgjande stillingar ledig:
100 % fast helsefagarbeidar
50% fast helsefagarbeidar
Som helsefagarbeidar i heimetenesta blir du ein del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me har stor breidde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.
Me er oppteken av å gi tilsette eit godt møte med tenesta og god opplæring før ein går sjølvstendig i oppgåvene sine. Dei som vert tilsett får eit opplæringsløp tilrettelagt for den enkelte.
Arbeidstid :
• 3-delt turnus
• Moglegheit for arbeid 3.kvar helg eller langvakter 4. kvar helg
• Fleksible turnusløysingar og årsturnus
Arbeidsoppgåver :
• Utføre heilheitleg pleie, omsorg og behandling
• Observasjon, oppfølging og kartlegging av pasientar sine behov og funksjon
• Legemiddelhandtering etter gjeldande retningslinjer
• Dokumentasjon i elektronisk journalsystem
• Rettleiing av lærlingar, studentar og nytilsette
• Bidra til kvalitetsforbetring og fagutvikling
• Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid
• Samarbeide tett med sjukepleiarar, legar, terapeutar for å sikre gode og helheitlege pasientforløp
Kvalifikasjonar :
• Godkjent helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
• Ønskjeleg med relevant erfaring i kommunehelseteneste
• Må beherske norsk, skriftleg og munnleg
• Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
• Er løysingsorientert og positiv
• Er fagleg sterk og trygg i rolla som helsefagarbeidar – også trygg på å seie i frå om når ein treng meir opplæring
• Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig
• Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Taklar ein uforutsett og variert arbeidskvardag
• Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet
• Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosessar.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Me tilbyr:
• Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Gode velferdsordningar
• Sterkt fagleg miljø, med eigen fagsjukepleiar og godt samarbeid med andre tenester i kommunen
• Løn etter tariff
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsette får ei prøvetid på seks månader.
Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.
Link til søknadsskjema: Søk her