Småbarnas superhelt – Vikariat i Vassenden barnehage

Vassenden Barnehage Sa · VASSENDEN, NORGE · for 15 d. siden
2+ år nevntUtdanningvia arbeidsplassen.no
Søk
Vassenden barnehage søkjer ein aktiv og engasjert medarbeidar til 100 % stilling på småbarnsavdeling, vikariat med moglegheit for fast jobb. Hos oss er leiken hjartet i kvardagen. Vi ønskjer ein vaksen som deltek og utforskar med barna – ute og inne, med humor og glede. Hva vi ser etter Vi ser etter deg som: trivast med ein aktiv og variert kvardag, du ynskjer å vere ein viktig vaksen for dei yngste barna. Du: • møter barna med varme og forståing, samtidig som du er tydeleg og set trygge grenser • held roa når barn treng trøyst, protesterer eller treng ekstra støtte • tek initiativ og deltek aktivt i leik og aktivitet • trivst ute i all slags vêr • bruker humor i arbeidet og bidreg til glede og godt humør • samarbeider godt, tek imot rettleiing og deler viktig informasjon • er påliteleg, møter presis og tek ansvar for oppgåvene dine • trivst med ein fysisk arbeidsdag og kan vere tett på barna på golvet, i garderoben og ute på tur Relevant utdanning eller erfaring frå arbeid med barn er ein fordel. Det viktigaste er at du er motivert, lærevillig og personleg eigna til å arbeide med små barn. Vi ønskjer mangfald i personalgruppa og oppmodar både menn og kvinner til å søkje. Arbeidsoppgaver På Trollungane arbeider du med barn i alderen 1-2 år. Arbeidsdagen krev at du er tett på barna: Du må kunne sitje på golvet og delta i leiken, hjelpe med måltid, bleieskift, søvn og påkleding - og vere med ut i all slags vêr. Dette skal du gjere: • ta imot barn og foreldre på ein trygg og god måte • delta aktivt i leik, aktivitetar og turar i nærmiljøet • hjelpe barna med måltid, bleieskift, søvn og påkleding • sjå behova til barn som enno har lite språk • støtte barna i samspel, vennskap og leik • førebu enkle aktivitetar tilpassa dei yngste • samarbeide med foreldre og kollegaer og bidra til orden på avdelinga Vi ønskjer ein medarbeidar som tek aktivt del i aktivitetane saman med barna. Vi tilbyr Dette tilbyr vi • eit 100 % vikariat med moglegheit for fast stilling • løn etter utdanning og ansiennitet i samsvar med gjeldande PBL-tariffavtale • pensjons- og forsikringsordningar gjennom PBL • ein variert arbeidsdag med leik, uteliv og aktivitet • kollegaer som samarbeider og hjelper kvarandre • høve til å påverke aktivitetane og leikemiljøet på avdelinga Arbeidstida varierer etter arbeidsplan innanfor tidsrommet kl. 06.30-16.45 . Barnehagen har ope frå kl. 06.45 til 16.45 . Tilsetjing føreset at du legg fram godkjend politiattest før du tek til i stillinga. I Vassenden barnehage arbeider vi for at både barn og vaksne skal vere GLADE OG TRYGGE SAMAN .

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.