FB
ID 1045 Sjukepleiar i nattpatruljen, 85% fast stilling og 85 % vikariat i nattpatruljen
Nattpatruljen i Fitjar har ledig 85% fast stilling og 85% vikariat på natt, turnus med jobb kvar 3. helg
Sjukeheimen har 2 avdelingar, ein somatisk avdeling og ein skjerma avdeling. Heimebaserte yter hjelp til bebuarar i eigen heim. Nattpatruljen har base på sjukeheimen og reiser ut på oppdrag etter avtale og tilkalling.
Me har mange flotte medarbeidarar i eining for helse og omsorg, og søkjer no etter sjukepleiar som kan jobba sjølvstendig og i team. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vikariatet kan bli forlenga.
Me treng deg som:
• Er fagleg sterk
• Er strukturert og pliktoppfyllande
• Likar å ta ansvar og føl dette opp
• Er stabil og påliteleg
• Er kreativ og praktisk
• God på å skape relasjonar med pasientar, pårørande og kollegaer
• Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet
• Yt tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk
• Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
• Har gode samarbeidsevne
• Har evne til å ta imot og gje kollegaveiledning
Kvalifikasjonskrav:
• Autorisert sjukepleiar
• Helsefagarbeidar kan bli vurdert for vikariatet
• Sertifikat klasse B
• Høg arbeidskapasitet og arbeidsglede
• God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, og gode grunnleggande datakunnskapar
• Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
• Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me tilbyr:
• Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø.
• God forsikrings- og pensjonsordning.
• Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
• Offentlig tenestepensjon i KLP
• Opplæring og rettleiing.
Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk. Vitnemål og attestar takast med ved innkalling til eit evt. intervju.
I ferieavviklinga har leiarane ferie på ulike tidspunkt. Om du vil kontakte nokon angåande stillingane så prøv einingsleiar Olav Sande og avdelingsleiarar Marianne L. Lups om du ikkje får tak i kontaktpersonen som er oppgitt.