Prosjektleiar tunnel - Bybanen Utbygging

EIU- Eigedom, Vestland fylkeskommune · BERGEN, NORGE · for 15 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Bybanen er ryggrada i kollektivsystemet i Bergen og ei sentral drivkraft i utviklinga av byen. No søkjer vi ein erfaren prosjektleiar som vil vere med på å realisere byggetrinn 5, Bybanen til Åsane, og andre spennande oppgåver i Bybanen Utbygging. Stillinga ligg til seksjonen Bybanen Utbygging, som er ein del av avdelinga Eigedom og utbygging i Vestland fylkeskommune. Dette er stillinga for deg som trivst med å arbeide med komplekse løysingar i eit høgkompetent fagmiljø, og bidra til å sette varige spor i Bergen. Arbeidsstad er Vestlandshuset, eit topp moderne kontorlokale midt i Bergen sentrum. Arbeidsoppgåver Som prosjektleiar får du ei særs viktig rolle i prosjektet, med eit heilskapleg ansvar for planlegging og gjennomføring av bybanetunnelen i sentrum. Du vil ha ansvar for førebuing og gjennomføring av innkjøp, kontraktsforhandlingar med entreprenørar, oppfølging av byggjefasen og overlevering til eigar. Dette er ei sentral nøkkelrolle i Bybanen Utbygging, med tett samarbeid med prosjektleiinga og prosjektet si øvste leiing. Vi ser òg for oss at du bidreg aktivt i det strategiske utviklingsarbeidet i prosjektet og spelar ei viktig rolle i den samla prosjektleiinga. Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har lang erfaring frå store komplekse prosjekt, og som forstår kva som skal til for å fylle prosjektleiarrolla frå planlegging til ferdigstilling. Vi ønskjer at du har: • Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå, som ingeniør eller sivilingeniør • Prosjektleiarerfaring, med god forståing for prosjektgjennomføring • Erfaring med handtering av kontraktar, entreprisar og oppfølging av eksterne leverandørar • Erfaring i HMS-, framdrifts-, økonomi-, kvalitets- og risikostyring Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som har lang erfaring frå store komplekse prosjekt, og som forstår kva som skal til for å fylle prosjektleiarrolla frå planlegging til ferdigstilling. Vi ønskjer at du har:   • Har ledererfaring og evne til å kommunisera tydeleg • Kan kommunisera munnleg og skriftleg på norsk og engelsk • Arbeider strukturert og tek ansvar for framdrift, økonomi og kvalitet • Tek initiativ, har gode samarbeidsevner og bidreg til eit innovativt miljø • Evnar å sjå både heilskap og detaljar, og motiverast av å utvikla gode løysingar saman med andre i krevjande grensesnitt • Kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent, modig Vi tilbyr Du får ein sentral rolle i eit av dei mest spennande samferdselsprosjekta i Bergen, på Vestlandet og Norge. Bidraget ditt er med å utvikle Bergen, samtidig som du blir del av eit sterkt prosjektmiljø i Vestland fylkeskommune. Vi tilbyr mellom anna: • Ei leiande nøkkelrolle i prosjektet • Store faglege utfordringar og reell påverknad • Eit kompetent og engasjert prosjektmiljø • Lønn etter avtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor • Ordningar for fagleg utvikling og kompetansebygging • Deltaking på fagmesser og i bransjesamarbeid • Moderne kontorlokale med eige treningsrom og sykkelgarasje med garderobar Kontaktinformasjon Arve Tjønn Rinde, prosjektdirektør, +47 93031874 Arbeidsstad Lars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5178917151 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.09.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.