KK
2 tannlegestillingar ved distriktstannklinikken Sunndalsøra
To faste 100% tannlegestillingar er ledig på Sunndalsøra på Nordmøre.
Vi søker to engasjerte tannlegar som vil vere med og styrke og vidareutvikle den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal.
Distriktstannklinikken ligg i sentrum av Sunndalsøra, i Sunndal kommune. Klinikken har overtannlegen i kompetanseregionen, to tannlegar, ein tannpleiar og tre tannhelsesekretærar.
Sunndal er ein stor industri- og kraftkommune, omkransa av vill og vakker natur. Kommunen har mykje å tilby av aktivitetar og attraksjonar heile året, med gode kultur- og fritidstilbod. Kommunen ligg i kort avstand til både Kristiansund, Molde og Oppdal. (Les meir på: www.sunndal.com/no/).
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som tannlege.
• God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
• Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
• Trivst med å jobbe med og for menneske
• Jobbar effektivt og sjølvstendig
• God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
• Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
• Ein god jobb der du kan utvikle deg
• Lønn etter avtale
• Oppdatert og fin tannklinikk
• Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
• Trivelege medarbeidarar og godt miljø
• Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
• Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
• Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
• Etableringstilskot
• Flyttetilskot
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Sara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553
Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500
Arbeidsstad
Auragata 5
6600 Sunndalsøra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5175787010
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2026