Tilkallingsvikarar i Bu- og aktivitetstenesta

Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta · SURNADAL, NORGE · for 9 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Vi har behov for vikarar som kan arbeide som ekstrahjelper på tilkalling  ("ringevikarar"). Behovet kan vere størst på helg, men vi kan og ha noko behov i vekedagane. Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om mellom anna helsehjelp,praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Målet er å bidra med helsehjelp og godt miljøarbeid slik at kvar enkelt opplever å vere trygg og ha best mogleg livskvalitet. Du kan vere tilkallingsvikar som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller assistent og arbeidet passar t.d. godt for deg som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning, eller kanskje har lyst til å prøve ut arbeidet før du vel ei utdanning i eit helse- og omsorgsyrke. Ut frå brukarbehova har vi behov for menn ved nokre tilbod og kvinner i andre. Det er ein fordel å ha førarkort kl.B. Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Denne skal leggast fram før oppstart i arbeid. Hos oss får du: • opplæring og veiledning • kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn • gode pensjons- og forsikringsordningar • studentavlønning jf. reglane i personalplanen • trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø Link til søknadsskjema: Søk her

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.