Helsefagarbeider på avdeling Juvike

Øystre Slidre kommune · HEGGENES, NORGE · for 10 d. siden
junior / graduate1+ år nevntHelsevia arbeidsplassen.no
Søk
Vil du vere med å utvikle eit sterkt fagmiljø i avdeling Juvike? Avdeling Juvike er organisert under institusjonstenester på Øystre Slidre helsetun og er ei avdeling for personar med demens. Institusjonstenestene består av 2 langtidsavdelingar, institusjonskjøken samt natt. På avdelinga er det helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleier og assistentar, og vi samarbeider tett med andre avdelingar. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre. Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde. Vi har eit vikariat som helsefagarbeider i 80% som er ledig frå no og eit vikariat i 90% som vil bli ledig frå haust 2026. Oppstart i stillingane kan avtalast nærare. Begge vikariata varer i ca 1 år.  Vi håper du vil søke og ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver • Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument • Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og miljøarbeid • Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer • Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg   Kvalifikasjonar • Fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeider • Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan demensomsorg eller med erfaring frå arbeid innan fagfeltet • Gode norskkunnskapar • Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4 Personlege eigenskapar • Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert • Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar  • Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring, miljøarbeid og velferdsteknologi • Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar • 2-delt turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4.helg • Nødvendig opplæring og rettleiing • Kompetanseheving • Opplæring i fagsystem • Tilrettelegging for vidareutdanning dersom rette søker melder seg i ansettelsesprosessen. Utdannning kan kombinerast med jobb • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP Kontaktinformasjon Anne Bråthen, Avdelingsleiar, +47 91993201 Arbeidsstad Bygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5171054922 Stillingsprosent: 80, 90% Vikar Søknadsfrist: 11.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.