Tilkallingsvikarar ved bu og miljøtenester

Aurland kommune · AURLAND, NORGE · for 7 d. siden
6+ år nevntAnnetvia arbeidsplassen.no
Søk
Om stillinga Vil du gjere ein forskjell? Me treng tilkallingsvikarar i bu og miljø! Er du engasjert, omsorgsfull, og ynskjer å bidra til ein meiningsfull kvardag for andre? Då kan dette vere jobben for deg! Om oss: Vi tilbyr tenester til personar med nedsett funksjonsevne gjennom bufellesskap, avlastning og brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Tenestemottakarane våre har ulike behov for hjelp i kvardagen, og me jobbar for å sikre at dei er delaktige i eige liv. Målet vårt er å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for kvar enkelt brukar. Vi ser etter deg som: • Er omsorgsfull og tolmodig • Har godt humør og evne til å skape gode relasjonar • Kan arbeide fleksibelt, også på kveld, natt, helg med langvakter og døgnvakter • Er open for ein gjevande og meiningsfull jobb, til dømes studentar eller andre med ledig tid Arbeid og ansvarsområde Avdelinga yter tenester til menneske med utviklingshemming, andre kognitive funksjonsnedsettingar og til personar med rus- og eller psykiske lidingar. Me gir tenester i omsorgsbustader med heildøgns bemanning, praktisk bistand i heimen til brukarane, eller som brukarstyrt assistanseordningar (BPA i brukar sin heim). Tenestemottakarane har av ulik grad av behov for bistand i kvardagen. Me jobbar for å legge til rette for at brukaren er delaktig i eige liv i tillegg til å skape ein meiningsfull kvardag for den enkelte. Arbeidsoppgåver er mellom anna: • støtte bebuar til ein aktiv og sosial kvardag • hjelpe til med daglege gjeremål • legge tilrette for ein god og meiningsfull kvardag.  Me tilbyr • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum  • gode pensjons- og forsikringsordningar  • løn etter tariff  • personleg assistent blir løna etter relevant utdanning • startløn etter 6 års ansiennitet for søkarar med fagbrev / høgskuleutdanning • ekstra laurdags- og søndagstillegg med kr 10 over tariff    Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår  her.   Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbI Kvalifikasjonar • Fagbrev som helsefagarbeidar eller anna helsefagleg utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav.  • Du kan søke sjølv om du ikkje har relevant erfaring eller fagbrev, det viktigaste er at du har lyst til å jobbe med menneske og er eigna for oppgåvene. • Du er ein trygg og positiv person som samarbeider godt med andre, og som bidreg til trivsel og tryggleik for brukarar og kollegaer. Personlege eigenskapar Me vil legge vekt på desse personlege eigenskapane:  • imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar  • trygg på deg sjølv, ansvarsfull og tolmodig  • fleksibel og løysningsorientert  Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.   Løns- og tilsetjingsvilkår • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale • krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestlova av nyare dato Det ynskjeleg med førarkort klasse B. Krav til språk Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg minimum på B2 nivå.  Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Generell informasjon om søknadsprosessen  Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.  Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.  NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav. Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.