LK
Helsefagarbeidar/aktivitør/heimehjelp
Tilsette ved Gaupne omsorgssenter yter tenester til omsorgsplassar, heimebuande i Gaupne og Jostedal og korttidsavdelinga. Me har no fleire ledige stillingar ved omsorgssenteret, både fast stilling og vikariat.
Stillingsinformasjon
• 100% fast stilling som heimehjelp, reinhaldstenester til heimebuande, arbeid kvar tredje helg
• 100% vikariat som aktivitør/miljøarbeidar frå d.d. til 31.01.2028. Arbeid på dagtid måndag til fredag.
• 100% vikariat som helsefagarbeidar 01.10.2026-31.08.2027. Stillinga er for tida på omsorgsplass. Arbeid kvar tredje helg
• Det er også ledige helgestillingar på omsorgssenteret
Arbeidsoppgåver
Helsefagarbeidar:
• Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar
• Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar sine behov
• Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
• Ansvar for jounalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande utifrå retningslinjer
• Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar
• Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Heimehjelp:
• Gje praktisk bistand, ymse heimehjelpsoppdrag til heimebuande
• Vask av fellesareal
Aktivitør/miljøarbeidar:
• Miljøarbeidar har eit hovudansvar for planlegging, gjennomføring og utvikling av aktivitetstilboda. Under dette ligg ansvar for daglege varierte fellesaktivitetar på aktivitetsstova (song, musikk, baking, underhaldning mm.) og/eller individtilpassa aktivitetar for den einskilde bebuar
• Det kan bli tillagt andre oppgåver utifrå bebuarane sine behov, t.d. aktivitetar på ettermiddag/kveld.
Kvalifikasjonar
For alle stillingane:
• Relevant utdanning og praksis
• Meistre norsk tilfredsstillande, både skriftleg og munnleg
• Personlege eigenskapar vert vektlagde
Særskilt for helsefagarbeidarstilling:
• Offentleg godkjenning som helsefagarbeidar
Særskilt for heimehjelpsstilling:
• Ynskjeleg med fagbrev innan reinhald/ evt relevant praksis
Me legg vekt på
• Fleksibilitet og evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar
• Gode kommunikasjonsevner
• Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løsningsorientert
• Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
Me kan tilby
• Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
• Eit godt og stabilt arbbeidsmiljø med høg fagkompetanse
• Gode moglegheiter for fagleg utvikling
• Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
• Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
• Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
• Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
• Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla
Link til søknadsskjema: Søk her