Vernepleiar/sjukepleiar inntil 100 % fast stilling ved tilrettelagde tenester

Kviteseid kommune · KVITESEID, NORGE · for 9 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Ved tilrettelagde tenester i Kviteseid kommune har me ledig inntil 100 % fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar i bustad for menneske med utviklingshemming f.o.m. 01.01.27. Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg med kortvakter, evnt. 4.kvar helg med langvakter, 35,5t/v.    Arbeidsoppgåver • Fremja målretta og metodisk miljøarbeid, samt delta i brukaren sine daglege aktivitetar og gjeremål • Legge til rette for at brukaren meistrar eigen kvardag • Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga • Samarbeid, rettleiing og opplæring av andre tilsette • Koordinator for ein eller fleire brukerar • Legemiddelhandtering • Pårørandesamarbeid • Utarbeide evt. vedtak etter Lov om kommunale helse- og omsorgstenester kap. 9 Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar, søkjarar med anna helse- og sosialfagleg utdanning er også velkomen til å søkje • Dersom det ikkje kjem aktuelle søkjerar med høgskuleutdanning kan det bli aktuelt å tilsetje helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar • Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming, målretta miljøarbeid og åtferd som utfordrar • God digital kompetanse • Førarkort kl. B • God norsk munnleg og skrifteleg framstillingsevne Personlege eigenskapar • Gode kommunikasjons og samarbeidsevner • Evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla • Halde seg fagleg oppdatert • Være fleksibel, strukturert og løysings orientert • God rollemodell • Glad i aktivitet og kreativitet • Vere oppteken av å sjå nye og annleis løysingar, hovedsakelig med utgangspunkt i brukarens behov • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr • Godt og inkluderande arbeidsmiljø • Spanande og omfattande faglege utfordringar • Løn etter gjeldande avtale Kontaktinformasjon Unni Elisabeth Øygarden, Einingsleiar Tilrettelagde tenester, +47 90251683, unni.oygarden@kviteseid.kommune.no Arbeidsstad Kviteseidgata 13 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5179081713 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 04.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.