Tannlege

IDI-TH - Åsane klinikkområde, Vestland fylkeskommune · ULSET, NORGE · for 3 d. siden
junior / graduateAnnetvia arbeidsplassen.no
Søk
Åsane tannklinikk har ledig fast stilling som tannlege med oppstart 01.01.2027. Åsane tannklinikk har til saman 16 tilsette: 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Klinikken er lokalisert på Åsane vidaregåande skule, som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont). Vi har moderne utstyr og eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar. Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland. Arbeidsoppgåver • Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper. • Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste. • Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken. Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som tannlege • Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg • Godkjend politiattest Personlege eigenskapar • Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus. • Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø. • Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre. • Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre. Vi tilbyr • Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar • Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse • Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling • Løn etter avtale, for nyutdanna er årsløna for tida kr 660.000,- • Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar Kontaktinformasjon Martine Aksnes-Aarlie, Klinikkleiar, 90036717, martine.aksnes-aarlie@vlfk.no Arbeidsstad Åsane Senter 52 5116 Ulset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5182799752 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.