BS
Lærar
Bli med på laget!
Vi har ledig 100% fast stilling frå og med 01.01.2027.
Bjerkreim skule er ein 1-7 skule, med ca 120 elevar og 30 tilsette.
Er du pedagog med lyst, vilje og evne til å bidra til positiv utvikling, håper vi du søker stilling hos oss.
Her vil du få kjekke kollegaer, gode pedagogiske rammer og ein variert arbeidsdag.
Arbeidsoppgåver
Som lærar på Bjerkreim skule kan du få følgjande arbeidsoppgåver:
• arbeide for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
• pedagogisk oppfølging av elevane våre
• bidra til eit godt heim-skule samarbeid
• kontaktlærar
Ta gjerne kontakt med rektor for meir informasjon:
Karen Monge Ollestad 51459382 eller 46795385
Kvalifikasjoner
Vi søker etter pedagogar med breiast mogleg fagkompetanse for undervisning i grunnskulen 1-7.
• tidlegare erfaring som kontaktlærar er positivt
• det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
• søkjar må ha godkjent lærerutdanning
• søkjarar som ikkje har norsk som morsmål, må gjera greie for både skriftleg og munnleg framstillingsevne. Språknivå blir vektlagt i tilsetjinga.
Personlige egenskaper
Me treng lærarar som:
• er tydelege, varme klasseleiarar
• er motivert og fagleg engasjert
• er fagleg trygge og ønsker å få fram det beste i eleven
• ser heile eleven, og ønsker å møte det enkelet barnet på best mogleg måte
• samarbeider og kommuniserer godt med teamet rundt elevane
• er utviklingsorienterte og evner å bruka nyare læringsteknologi for å variera undervisninga
Vi tilbyr
Me tilbyr:
• eit positivt og utviklingsretta arbeidsmiljø
• arbeid i team med fokus på å gjera kvarandre gode
• rettleiing for nyutdanna lærarar
• interessante og varierte arbeidsoppgåver
• gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Karen M Ollestad, Rektor, +47 51 45 93 83
Arbeidssted
Odlandsvegen 4
4387 BJERKREIM
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bjerkreim kommune
Referansenr.: 5179373905
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2026