Sjukepleiar, 2 x i inntil 100% fast - bonus og løn over tariff

Gulen kommune · BREKKE, NORGE · for 3 d. siden
2+ år nevntAnnetvia arbeidsplassen.no
Søk
Om stillinga  Gulen kommune har ledig to i inntil 100% faste stillingar som sjukepleiar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale. Desse stillingane er for tida knytt til rullerande todelt turnus på 12 veker i Brekke. Den eine faste stillinga har arbeid med langvakter 4. kvar helg og ordinære vakter i vekedagane. Den andre faste stillinga har langvakter kvar 4. helg og kombinasjon av langvakter og ordinære vakter i vekedagane.  Ta kontakt med kontaktperson i annonsen dersom du har spørsmål til stillingane/turnus.  Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.  Me tilbyr • Spanande stillingar i ei teneste i utvikling. Rom for å kunne bidra aktivt i utviklingsarbeidet   • Bonusordning på 100 000kr (i 100% stilling) ved binding i 2 år i desse stillingane. Bonus vert som hovudregel betalt ut på slutten av bindingstida, om ikkje anna vert avtalt • Løn over tariff for sjukepleiarar i turnus • Ekstra helgekompensasjon ved gått vakt  • Gode pensjons- og forsikringsordningar Arbeidsoppgåver  • Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver • Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane • Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl. • Andre oppgåver som måtte kome til I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg Kvalifikasjonskrav  • Autorisasjon som sjukepleiar • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg • Gyldig politiattest  • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling • Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing Anna  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.