Lærar

Garnes ungdomsskule, Bergen kommune · INDRE ARNA, NORGE · for 11 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Skulen har ca. 470 elevar fordelt på 8., 9. og 10.trinn. I januar 2026 flytta vi inn i ny skule  med 3 heimeområde per trinn. Skular med heimeområde treng lærarar som kan samarbeide tett om undervisninga , er fleksible og utviklingsorientert. I tillegg har skulen ei nyoppretta forsterka avdeling (STOLT). Garnes ungdomsskule ligg fint til på Garnes, 8 minutt med buss frå Arna stasjon. Det er god kommunikasjon til og frå Garnes på dagtid. Vi har eit triveleg arbeidsmiljø og eit nærmiljø med moglegheit for varierte aktivitetar. Skulen arbeider for eit trygt og godt læringsmiljø. Skulen sin visjon er "læring og trivsel for alle". Vi arbeider etter PALS-modellen. Vi har satsing på tilpassa undervisning i ein inkluderande skule. Det er ønskeleg med lærarar som legg opp til at elevane er aktive i eiga opplæring. Skulen er praksisskule for Høgskulen på Vestlandet. Det blir forventa at tilsette lærarar kan vere praksislærarar. Garnes ungdomsskule har ledig: 1 vikariat  i 75% med faga programmering, kunst og handverk og norsk ut dette skuleåret 2026-2026.  Garnes ungdomsskule har nynorsk som hovudmål i opplæringa. Lærarar må meistre både bokmål og nynorsk skriftleg. I faga norsk, matematikk  og engelsk er det krav om 60 studiepoeng, i dei resterande faga er det krav om 30 studiepoeng. Alle som vert tilsett må kunne vere kontaktlærar. Vi ønskjer lærarar med utdanning innan  spesialpedagogikk kombinert med anna kompetanse som er beskrive i utlysninga.  Arbeidsoppgåver • Planlegging og gjennomføring av  inkluderande undervisning. • Vurderingsarbeid med ulike vurderingsformar. • Legge til rette for elevmedverknad og aktive elevar. • Kontaktlærararbeid, samarbeid skule- heim.  • Utviklingsarbeid i klasse, på trinn og for skulen. • Samarbeid i team og faggrupper på eige trinn og på skulenivå. . Kvalifikasjonar • Tydelig og trygg vaksen, har kunnskap om lærings- og klasseleiing. • Ansvarsbevisst og strukturert. • Endringsvillig • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, liker å jobbe i team. • Gyldig politiattest. • Godkjent lærarutdanning for å jobbe i norsk skule. • Må kunne formulere seg særs godt både munnleg og skriftleg på bokmål og nynorsk. Personlege eigenskapar • Sjøvstendig og løysingsorientert. • Lærlingsvillig, positiv og fleksibel. • Kunne skape og utvikle gode relasjonar til elevar, kollega og føresette. • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. • Kunne stå i ein hektisk kvardag. Vi tilbyr • Ein skule i utvikling og endring. • Fagleg og personleg utvikling. • Samarbeid og støtte av lærarar og avdelingsleiar. • Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø. • Ein spannende, hektisk og utfordrande kvardag. • Lønn etter kvalifikasjoner og etter avtaleverk. Kontaktinformasjon Ragnhild Joan Kaarstad, rektor, 90877982 Arbeidssted Garnesvegen 88 5260 Indre Arna Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Bergen kommune Referansenr.: 5174616568 Stillingsprosent: 75% Vikariat Søknadsfrist: 26.09.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.