Psykolog

Avdeling for helsefremjande og førebyggjande arbeid - Ung Arena · BØ I TELEMARK, NORGE · for 8 d. siden
20+ år nevntHelsevia arbeidsplassen.no
Søk
Vil du vere med på å forme framtidas psykiske helsetenester for barn og unge? Avdeling for helsefremjande og førebyggjande arbeid i Midt-Telemark kommune omfattar Ung Arena, Rask psykisk helsehjelp, samt helsestasjon, skulehelseteneste og jordmorteneste. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk psykolog som ønskjer å vere med på å utvikle og styrkje tilbodet til barn, ungdom (13-20 år) og familiar gjennom tidleg innsats, helsefremjande arbeid og tverrfagleg samarbeid. Det vil vere tett samarbeid med leier, øvrige i avdelinga og relevante andre innanfor oppvekst og helse i kommunen. Som psykolog ved Ung Arena får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av eit lågterskeltilbod for barn og unge, der samskaping, medverknad og samarbeid står sentralt. Arbeidsoppgåver • Kartlegging, vurdering, utgreiing og behandling i tråd med Helsedirektoratets krav til kommunane • Samtalar med barn, ungdom og familiar • Helsefremjande og førebyggjande arbeid på system- og individnivå • Rettleiing av kollegaer og samskaping med fagpersonar, studentar, erfaringskonsulentar, frivillige og andre • Deltaking i tverrfaglege team, som t.d. konsultasjonsteam • Samarbeid med kommunale og interkommunale hjelpetenester, mellom anna helse- og omsorgstenester, barnevern, skulane, pedagogisk-psykologisk teneste og NAV • Samarbeid med spesialisthelsetenesta • Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som psykolog • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk • God digital kompetanse • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert Ønska kompetanse   • Erfaring frå arbeid med barn og ungdom • Erfaring med førebyggjande og helsefremjande arbeid, gjerne utviklingsarbeid • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers av tenester • Søkjar bør kunne meistre begge målformer Særskilde krav • Krav om politiattest, jf. Lov om helse- og omsorgstenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stillinga. • Førarkort kl. B Personlege eigenskapar • Engasjert i fagutvikling, førebyggjande og helsefremjande arbeid • Trygg, tillitvekkjande og relasjonssterk i møte med barn og ungdom • Sjølvstendig, fleksibel og løysingsorientert • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø og tverrfagleg samarbeid Personlege eigenskapar vert tillagd stor vekt. Vi tilbyr • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk • Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. Kontaktinformasjon Trond Garborg, Avd. leiar, +47 99206742 Arbeidsstad Gamleveg 44 3802 BØ I TELEMARK Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5178558101 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 30.09.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.