ALIS / Spesialist i allmennmedisin

Sykkylven Legesenter, Sykkylven kommune · SYKKYLVEN, NORGE · for 16 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
VIKARIAT SOM FASTLEGE Vi søkjer deg som ønsker å vere med på laget ved legesenteret i Sykkylven kommune. Du får moglegheit til å velje mellom næringsdrift eller kommunal tilsetting.  Vi har ledig eit vikariat frå desember 2026 100% spesialist i allmennmedisin/ALIS Sykkylven legesenter er kommunalt drive, og har 9 legeheimlar og LIS 1 lege. Eit team med dyktige legar og eit erfarent hjelpepersonell. Legevakta er eit interkommunalt samarbeid med Stranda kommune som omfattar 3 fast tilsette legevaktslegar og sjukepleiarar ved legevakt på kveld og helg.  Legesenteret og legevakta er lokalisert i  nye lokaler i Sykkylven Helsehus saman med heimebasert omsorg og psykisk helse og rus. Vi har stort fokus på fagleg utvikling og samarbeid på tvers av avdelingar og einingar i kommunen.  Ta deg gjerne tid til å kontakte oss så kan du høyre litt meir om kva for moglegheit du har som fastlege i Sykkylven, og kvifor vi ønsker å ha deg med på laget. Arbeidsoppgåver • Generelle allmennmedisinske oppgåver, slik det følger lov, forskrift og avtaleverk • Det kan vere aktuelt med offentleg allmennmedisinsk legearbeid inntil 7,5 timar per veke • Tverrfagleg samarbeid mellom dei kommunale einingane • Deltakelse i helsestasjonarbeid • Deltaking  i legevaktsordning. Det er lav vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg • Oppgaver knyttet til veiledning, supervisjon og undervisning for ALIS Kvalifikasjonar • Har norsk autorisasjon som lege • Spesialist i allmennmedisin ferdig eller påbegynt. • Meistrar norsk munnleg og skriftleg og har god framstillingsevne (Oppnådd B2 nivå) Personlege eigenskapar • Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer • Du har genuin interesse for mennesket og dets helse- og livssituasjon • Du har evne til utvikling og nytenking • Løsningsorientert og endringsvillig • Du er fleksibel • Personlig egnaheit vektleggas Vi tilbyr • Godt arbeidsmiljø • God kollegial støtte og samarbeid   • Dyktig hjelpepersonell • Kollegiale møter kvar veke med fagleg innhald og kvalitetsarbeid • Sykkylven kommune er registrert utdanningsverksemd • Næringsdrift/kommunal tilsetting • Låg vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg • Lønn etter avtale • Nytt og framtidsretta lokale Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.   Kontaktinformasjon Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, kanutte.roald@sykkylven.kommune.no Arbeidsstad Auregata 19 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5172041825 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.09.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.