Lærar Elektrofag

YF Elektro og datateknologi[YF_elektro_og_data], Møre og Romsdal fylkeskommune, Sykkylven vgs [sykkylven] · SYKKYLVEN, NORGE · for 11 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Sykkylven vidaregåande skule søkjer lærar i 100 % fast stilling innan elektro og datateknologi. Vi søkjer ein fagleg sterk og samarbeidsorientert kollega med kompetanse til å undervise i programfaga på Elektro og datateknologi.  Vil du vere med å forme framtidas fagarbeidarar? Hos oss får du undervise i eit moderne og framtidsretta elektrofagmiljø med TekLab, elektrolab og verkstadar utstyrte for morgondagens teknologi. Arbeidsoppgåver • Undervise og rettleie elevar i programfaga innan elektrofag • Følgje opp elevar fagleg og sosialt, og bidra aktivt til å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø • Samarbeide tett med kollegaer, kontaktlærarar og lokalt næringsliv for å sikre relevant og oppdatert opplæring • Delta i fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid ved skulen • Sikre godt vedlikehald, orden og tryggleik knytt til verkstader og utstyr Kvalifikasjonar • Kompetanse innan elektrofag er særleg etterspurt • Praktisk erfaring frå næringsliv er ønskjeleg • Pedagogisk kompetanse (PPU) er ønskjeleg • Erfaring med opplæring og arbeid med ungdom er ein fordel • Dersom ingen søkjarar oppfyller krava for tilsetting, kan andre tilsetjast mellombels for eit skoleår eller på vilkår om å fullføre nødvendig utdanning Personlege eigenskapar • Evne til å skape gode relasjonar og eit trygt læringsmiljø • Strukturert, løysingsorientert og trygg i verkstadsarbeid • Engasjert, initiativrik og opptatt av elevane si læring og utvikling • God samarbeidsevne og vilje til å bidra i eit fagleg fellesskap Vi tilbyr • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit framtidsretta fagområde • Godt utstyrt verkstad og tett samarbeid med lokalt næringsliv • Moglegheit for fagleg og pedagogisk utvikling Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK) Løn etter gjeldande avtaleverk Kontaktinformasjon Barbro O. Midtgård, Rektor, +47 92619045 Arbeidsstad Kyrkjevegen 6 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5175474145 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.11.2026 Søknadsfrist: 25.09.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.