Helsesekretær - 50% vikariat

Bjørnafjorden kommune Legevakt og legetenester · OS, NORGE · for 1 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Ledig vikariat som helsesekretær i 50% Eikelandsosen Legekontor søkjer etter ein motivert og engasjert helsesekretær til vikariat frå snarast og i 6 månader. Vi er eit 4-legepraksis og held til i romlege, lyse lokale. Lokale har m.a. akuttstove, sårstove og laboratorie med Spirometri, EKG og 24 t BT kopla opp mot epj. Eikelandsosen er samlokalisert med legevakt og legesenteret er fullt utstyrt med akuttmedisinsk utstyr. Her vil du få ein spennande kvardag i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Arbeidsstad Eikelandsosen legekontor, Bjørnafjorden kommune Arbeidsoppgåver • Timebestillingar • Telefonservice og pasientinformasjon • Pasienthåndtering på laboratoriet og sårstove • Assistering av legane • Journalføring (Infodoc) • Anna pasientretta praktisk arbeid i samarbeid med lege • Anna administrativt arbeid Kvalifikasjonar • Du har autorisasjon som helsesekretær eller helsefagarbeidar • Det er ønskeleg at du har erfaring frå legekontor • Det er ønskeleg med erfaring i Infodoc journalsystem • Du beherskar godt norsk både skriftleg og munnleg • Vi legg vekt på personlege eigenskapar, og ønsker at du har utprega serviceinnstilling, er samarbeidsorientert og kan jobbe sjølvstendig Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent Ved tilsetting må du leggje fram gyldig politiattest i samsvar med § 20a i helsepersonellova. Vi tilbyr • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Løn etter gjeldande avtalar • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.