Helgastillingar, vikariat og engasjement i Bu- og aktivitetstenesta hausten 2026

Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta · SURNADAL, NORGE · for 9 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
I Bu- og aktivitetstenesta gir vi tilbod om mellom anna helsehjelp,praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Målet er å bidra med helsehjelp og godt miljøarbeid slik at kvar enkelt opplever å vere trygg og ha best mogleg livskvalitet. Vi har ledig faste stillingar på helg, og det kan bli behov for tilsetting i kortvarige engasjement og når det blir ledig vikariat. Vi ønskjer oss helsefagarbeidarar og assistentar som søkarar. Stillingane passar godt for studentar som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning eller pedagogisk høgskuleutdanning. Ut frå brukarbehova har vi behov for å tilsette menn i nokre stillingar og kvinner i andre. Det er ein fordel å ha førarkort kl.B. Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Denne skal leggast fram før oppstart i arbeid. Hos oss får du: • opplæring og veiledning • kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn • gode pensjons- og forsikringsordningar • studentavlønning jf. reglane i personalplanen • trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø   Link til søknadsskjema: Søk her

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.