Sjukepleiar fast nattstilling ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt

Giske kommune, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt · VIGRA, NORGE · for 4 d. siden
Helsevia arbeidsplassen.no
Søk
Vi har ledig fast om lag 75 % nattstilling som sjukepleiar ved Vigra omsorgssenter og Godøy bukollektiv frå 01.09.2026. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt. Det er krav om gyldig politiattest av ny dato. Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden. Du lastar opp dokumenta i Webcruiter. Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga. Arbeidsoppgåver • Vanlege sjukepleieoppgåver i avdelingane for demente ved Vigra omsorgssenter og ved Godøy bukollektiv. • Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg. Arbeidsoppgåver kan bli endra ved behov. Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning i geriatri/demensomsorg. • Erfaring frå arbeid med demensomsorg. • God digital kompetanse. • Sertifikat for bil.  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar • Interesse for demensomsorg og liknande diagnosar. • Fleksibel og løysingsorientert. • Gode samarbeidsevner. • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig. Du må kunne relatere deg til verdigrunnlaget i Giske kommune, der det daglege arbeidet skal vere prega av Respekt, Løysingsvilje, Engasjement og Kvalitet. Vi tilbyr • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. • Fokus på fleksibilitet og samarbeid og ønskjer å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø. Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing i målet om å levere best moglege tenester. Kontaktinformasjon Heidi Renate Roaldsand, avdelingsleiar, +47 90248034 Nina Skjong, einingsleiar, 90251630 Helen Gjerde, nestleiar, 90249808 Arbeidsstad Reset 14 6040 Vigra Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5183764187 Stillingsprosent: 75% Fast Søknadsfrist: 12.10.2026

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.