100 % fast stilling som reinhaldar

Årdal kommune Tekniske tenester · ÅRDALSTANGEN, NORGE · for 4 d. siden
Annetvia arbeidsplassen.no
Søk
Vil du vere med å skape trivelege og reine kommunale bygg?   Er du ein person som trivst med å gjera ein viktig jobb som betyr noko for mange? Likar du å arbeide både sjølvstendig og saman med andre, og set pris på orden og kvalitet i arbeidet ditt? Då kan dette vere jobben for deg!   Årdal kommune søkjer no ein positiv, påliteleg og fleksibel reinhaldar til ei fast heiltidsstilling i reinhaldsavdelinga vår.   Som reinhaldar hjå oss vert du ein del av eit fagleg dyktig og inkluderande arbeidsmiljø, der me samarbeider tett for å levera gode tenester til innbyggjarane i kommunen. Reinhaldsarbeidet er ein føresetnad for god drift i barnehagar, skular og andre kommunale bygg – og bidreg direkte til trivsel, helse og tryggleik.   Arbeidsoppgåver Reinhaldsavdelinga har ansvar for reingjering av Årdal kommune sine eigne bygg og eventuelle andre bygg kommunen nyttar i si tenesteproduksjon. Du vil: • utføra reinhald etter gjeldande reinhaldsplanar • bidra til god kvalitet og effektiv gjennomføring av arbeidsoppgåvene • arbeida både sjølvstendig og saman med andre   Kvalifikasjonskrav • Fagbrev som reinhaldar er ein fordel, men relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev • Førarkort klasse B er påkrevd   Personlege eigenskapar Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og søkjer deg som: • er allsidig, fleksibel og ansvarsbevisst • kan arbeida strukturert og sjølvstendig • har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø • har ei serviceinnstilt haldning og kommuniserer godt med «kundar»   Me tilbyr • Ein trygg og meiningsfull arbeidsplass i ein viktig samfunnsfunksjon • Løn etter gjeldande tariffavtale (reinhaldar eller fagarbeidar) • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Tilgang til bedriftshytte på Skeikampen   Andre opplysningar: - Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering. - Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. - Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. - For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing. Link til søknadsskjema: Søk her

Skaff passFiltre for annonsespråk, visumsponsing og nivå, oversettelse av alle annonser, fra 5 € — avslutt når som helst.